logo Sjukehusapoteka Vest

Skreddersyr legemiddellister

Haraldsplass tester no ut eit nytt tilbod til pasientar med mistenkte legemiddelrelaterte problem. Fastlegar kan no vise pasientar vidare til ei tverrfagleg vurdering ved legemiddelpoliklinikken (geriatrisk poliklinikk).

Publisert 21.02.2024
Noen få kvinner i hvite labfrakker
Kinisk farmasøyt Trude Mellingsæter, merkantil Mona Lindelid og geriater Marit Stordal Bakken er del av det tverrfaglige teamet som styrer legemiddelpoliklinikken.

Med alders- og sjukdomsforandringar følgjer gjerne lange legemiddellister, og behovet for «skreddersøm» aukar. Korleis sikre best mogleg effekt og minst mogleg risiko for biverknader, uheldige kombinasjonar og andre legemiddelrelaterte problem?  

I legemiddelpoliklinikken jobbar Haraldsplass tverrfaglig. Sjukepleiar tar EKG og enkle testar av fysisk og kognitiv funksjon. Klinisk farmasøyt går gjennom legemiddelbruk med pasienten, og geriater vurderer sjukehistoria før felles grundig gjennomgang av medisinlista.

– Vi har jobba i lang tid for å kunne få på plass ein tverrfagleg legemiddelpoliklinikk, og er glade for at Haraldsplass diakonale sjukehus prioriterer dette, seier geriater Marit Stordal Bakken.

Unngår unødvendige biverknader

Råd om endringar i legemiddellisten, og prioritering av desse, tilpassast pasienten sin medisinske tilstand og ønskjer. Teamet bruker god tid på å gjennomgå legemiddel for å spare pasientar for unødvendige biverknader. Dette trur vi óg kan gjere det enklare for fastlegane.

– Det å jobbe tverrfagleg, til det beste for pasientane, opplever eg som veldig meiningsfullt og riktig, seier klinisk farmasøyt Trude Cecilie Mellingsæter.

Haraldsplass gjennomgår oppdatert legemiddelliste med pasienten, og sender poliklinisk notat til den som har vist pasienten vidare. I dei fleste tilfeller kan fastlegen følgje opp vidare. Samhandlingsmøter (telefon, video) kan vere aktuelt.  

– Vi ser at det er eit aukande tal på paisentar som bruker mange medisinar samstundes. Desse vil ha god nytte av ein systematisk gjennomgang, seier Petter Thornam, fagdirektør på Haraldsplass diakonale sykehus.

– På Haraldsplass har vi lenge hatt lyst til å opprette eit tilbod for denne typen pasientar, og eg er glad for at vi no har etablert eit tilbod med dyktige fagfolk frå ulike profesjonar. Eg er sikker på at dei råda pasientane får vil gjere ein forskjell for dei.