Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Snart opnar nytt apotek i Stavanger!

Større sjølvval, utvida tilbod og ny lys innreiing er noko av det som skal vere klart til den store nyopninga den 1. desember!

​I mange veker har det vore jobba på spreng for å gjere klart til opning av eit nytt og større apotek i Stavanger. Og det blir mykje nytt fortel apotekar Tonje Folkvang i Sjukehusapoteket i Stavanger.
- Til nå har det meste av arbeidet vore på baksida av veggene til apoteket. Snart opnar vi dette opp slik at lokalet blir mykje større enn det vi har i dag, fortel Folkvang.

En kvinne som smiler til kameraet

Lyst og triveleg

I dag er det mørk trefarge som pregar alle veggreolane. Apoteket byter nå dette ut.
- Vi har hatt det litt mørkt i lokala våre, men nå blir det lyst, triveleg og moderne. Det gleder vi oss veldig til, fortel Folkvang.
Dei nye veggreolane kjem mot slutten av denne veka og da begynner arbeidet med å byte ut dei gamle hyllene.
- Alle reseptura vil bli fornya også, fortel ho.
Reseptura er der pasientane får utleverte reseptane sine. Desse vil vere skjerma enda betre enn tidlegare for å sikre diskresjon.

Større produktutval

Det blir større plass i det nye apoteket samt eit større produktutval.
- Vi får mange fleire hyller med gode produkt, og det blir heile sju reolar med hudpleieprodukt, fortel Folkvang.
I tillegg får apoteket ei eiga hylle som er «skreddarsydde» til pasientane.
- Denne hylla er byggd på bakgrunn av tilbakemeldingar vi har fått frå sjukehusavdelingane og behov som ein del pasientar ved sjukehuset gjerne har, fortel ho.

Fokus på ernæringsprodukt

Ein annan ting som vil vere nytt er at det vil komme eit eig kjøleskap for ernæringsprodukt.
- Dette er ein viktig kategori som vi har fokus på. Det er mange pasientar som kan ha eit behov for ekstra næring når dei skal heim frå sjukehuset, seier Folkvang.

Heilt fantastisk samarbeid

Helse Stavanger har vore ein god samarbeidspartnar i prosjektet og voren hjelpsam heile vegen.
- Helse Stavanger og prosjektleiaren har vore heilt fantastisk. Det har gjort dette mykje lettare for oss i denne ombyggingsprosessen og har vore heilt avgjerande for at dette skal bli ei god lansering, seier Folkvang.
- I tillegg, så har vi fått masse god hjelp frå apotekar Roy Rangjord i Bergen med omsyn til skilting og profilering. Det har vore til stor hjelp, fortel ho.

Offisiell opning 1. desember

Om litt meir enn to veker så skal alt vere klart for opning av nye lokale.
- Vi gleder oss masse til opninga og ønsker alle pasientar, pårørande, tilsette og andre kundar hjarteleg velkommen, seier Folkvang med ein smil.

Sist oppdatert 25.11.2016