Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Trude fekk artikkelen sin i anerkjent tidsskrift

Trude Mellingsæter fekk nyleg publisert ein vitskapeleg artikkel i det internasjonale tidsskriftet «Drugs & Aging». Artikkelen belyser viktige problemstillingar knytt til dosering av blodfortynnande legemiddel hos eldre og sårbare pasientar.

Publisert 01.10.2025
Trude står inne på sykehusekspedisjonen hvor man plukker medisiner som skal ut til sykehuset og smiler skakt til kamera.

Artikkelen byggjer på Trude si masteroppgåve innan klinisk farmasi frå 2020 og undersøkjer bruken av blodfortynnande medisinar hos eldre pasientar. Tidlegare brukte ein i stor grad Marevan som blodfortynnande til førebygging av slag. Då var det vanskeleg å treffe med akkurat riktig dose for mange pasientar, og ein var avhengig av målingar frå blodprøver for å sjå om ein låg på rett nivå. I Trude si oppgåve har ho sett på dei nye legemidla som i stor grad har erstatta Marevan.  

- Desse kallar ein for direkte orale antikoagulantia (DOAK). Her treng ein ikkje å følgje opp med blodprøvar. Ein må berre ta ein fastsett dose ein til to gongar om dagen, så går det til alle. Eg var interessert i å sjå om bruk av blodkonsentrasjonsmålingar av et av desse legemidlane, apiksaban, kunne gje kunnskap om korleis dette er hos dei eldre, sårbare pasientane med til dømes dårleg nyrefunksjon.

- Eg ville samle inn data om blodkonsentrasjon av apiksaban for å sjå om målingane låg innanfor referanseområdet som var etablert i Noreg. Kanskje bør ein vurdere å ha blodkonsentrasjonsmålingar av apiksaban hos desse pasientane i tillegg, seier ho.

Trude fekk oppretta ein biobank for å lagre blodprøvar frå rundt 60 pasientar på ein kvalitetssikker måte på laboratoriebygget i Bergen. Så skulle dei sendast til Oslo, kor sjølve legemiddelanalysen blei utført ved Senter for psykofarmakologi ved Diakonhjemmet sjukehus i Oslo.

- I ei erfaringsbasert masteroppgåve i klinisk farmasi er det ikkje så mange som vel å opprette biobank for lagring av blodprøvar. Det er tidkrevjande og det medfører ein del ekstra arbeid. Eg er jo veldig glad i legemiddelanalysar, så eg hadde lyst til å gjere det når eg hadde moglegheita.

Saka held fram under biletet

Trude sitter på kontoret sitt og smiler til kamera
Trude likte forskar-tilnærminga i oppgåva si.

Resultata viste at det kan vere behov for meir individualisert behandling enn dagens standarddosering tillèt.

- Min studie viste at det kan vere behov for så mykje som 70 % dosereduksjon hos pasientar med alvorleg nedsatt nyrefunksjon, for å oppnå blodkonsentrasjoner innenfor referanseområdet.

– Det er viktig å få meir data frå den verkelege pasientpopulasjonen, ikkje berre frå kliniske studiar med yngre og friskare deltakarar. Når du begynner å bruke eit legemiddel vil det vere folk med sjukdom, og meir sårbarheit.

Med seg på laget har Trude hatt overlege og geriater, Ole Martin Steinhaug. Han har vore medforfattar og lokal rettleiar i prosjektet. Trude har óg hatt med seg farmasøyt og professor ved UiO, Espen Molden som rettleiar og støttespelar.