Velkommen til våre nye nettsider
31. mai vart sjukehusapoteka-vest.no lansert med nytt design og ny publiseringsplattform.
Publisert 01.06.2023
Sjukehusapoteka vest sine eksterne nettsider er ein del av ei nasjonal og felles nettløysing for spesialisthelsetenesta, forkorta FNSP.
Totalt får 55 nettstader i denne fellesløysinga nye nettsider i løpet av 2023.
Innføringa skjer etappevis, og 31. mai stod dei regionale sjukehusapotekføretaka, IKT-selskapa og dei regionale helseføretaka for tur. Til hausten kjem alle sjukehusføretaka etter.
Vi gler oss til å ta i bruk dei nye nettsidene. Vi håpar også du vil like dei og finne raskt det som du har behov for. Og så håpar vi du ber over med at alt ikkje heilt på plass enno.