Linda elskar variasjonen i sjukehusapoteket
Linda hadde alltid lyst til å jobbe i sjukehusapotek. Etter nærmare 18 år i Sjukehusapoteka Vest ser ho tilbake på ein svært innhaldsrik karriere. – Eg er nok eit godt eksempel på kor varierte oppgåver ein kan ha som farmasøyt, seier ho.

Linda jobbar i dag som rådgjevar i føretaksadministrasjonen i Sjukehusapoteka Vest (SAV). Der har ho ei veldig variert rolle med deltaking i fleire spennande prosjekt, i tillegg til at ho gjev support til apoteksystema våre. Som om ikkje det var nok jobbar ho òg med vareflytutvalet og er kontaktperson mot grossisten Alliance.
- I eit sjukehusapotek kan ein ha ganske varierte arbeidsoppgåver, noko eg sjølv er eit eksempel på. Eg har ungar som lurer på kva studie dei skal velje. Då er dei veldig fokusert på at viss dei vel det studiet så blir det den jobben. Men då bruker eg meg sjølv som eit eksempel. Eg er jo utdanna farmasøyt, og det er mange forskjellige retningar ein kan bruke ei utdanninga til i løpet av livet.
Sjølv begynte Linda karrieren sin på eit privat apotek i Kopervik, i Karmøy kommune. Etter å ha fullført utdanninga i Oslo begynte ho der i 1994 og blei verande fram til 2000 då det plutseleg dukka opp eit vikariat ved sjukehusapoteket i Haugesund.
- Det var berre eit vikariat, men eg tenkte at det kanskje ville vere ein sjanse for å få noko fast. Heldigvis fekk eg permisjon frå Apoteket i Kopervik, for etter vikariatet var det ingen ledige stillingar ved Sjukehusapoteket i Haugesund, seier ho.
Saka held fram under biletet

- Det var jo der eg ville jobbe
Men Linda klarte ikkje å sleppe draumen om å jobbe i sjukehusapoteket.
- Det var jo på sjukehusapoteket eg eigentleg ville jobbe. Men eg tenkte at dersom noko spennande skulle dukke opp der seinare, så ville eg søkje på nytt. Eg trur eg begynte å kjede meg i det private. Det var stort sett dei same arbeidsoppgåvene og eg var mykje aleine som farmasøyt på jobb. Eg sakna å ha nokre fleire kollegaer som eg kunne diskutere det faglege med.
Ein dag dukka det opp to ledige stillingar ved sjukehusapoteket i Haugesund. Ei stilling som avdelingsleiar og ei som vanleg farmasøyt. Linda søkte på begge.
- Eg tenkte at her er det berre å prøve alt. Stillinga som avdelingsleiar fekk eg blankt avslag på. Den gongen var det krav om at ein var provisorfarmasøyt, men det endra seg heldigvis seinare.
Linda fekk napp på den andre stillinga som farmasøyt og begynte i fast stilling i SAV i 2008.
Rådgjevaren
Etter ti år som leiar ved Sjukehusapoteket i Haugesund kjente Linda at ho var klar for nye utfordringar.
- Eg hadde mange fantastiske år, med ein heilt fantastisk gjeng på Sjukehusapoteket i Haugesund, men eg trur at etter kvart er det lurt å prøve noko nytt. Eg hadde lyst til å sjå om eg kunne bruke utdanninga til noko anna, seier ho.
I 2024 begynte Linda som rådgjevar ved Kjedekontoret i føretaksadministrasjonen. Der skulle ho bruke si lange erfaring til å hjelpe dei andre farmasøytane og apotekteknikarane i SAV.
- Eg trudde jo eg hadde relativt god systemforståing, men det har vore ei bratt læringskurve. Å gå til å ha så mykje fokus på system og detaljar i funksjonaliteten i system har vore ein stor overgang. Men samstundes håper eg at eg kan tilføre ein verdi til dei som jobbar i apoteket, og det er kjekt.
- Eg trivst veldig godt med variasjonen i jobben. Det er mange ulike oppgåver og masse nye utfordringar kor eg får utvikle meg vidare. Og det ser ut vil at det også kjem til å vere mange spennande arbeidsoppgåver i åra som kjem, seier Linda med eit smil.
