Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Miriam hadde "runnet" det å jobbe i eit privat apotek

Miriam Dahl Husvegg gjekk rett frå jobben som kranførar til farmasøyt. No jobbar den sprudlande karmøyværingen som avdelingsleiar ved Sjukehusapoteket i Haugesund.

Publisert 05.09.2025
Vi ser Miriam stående smilende bak kassen i apoteket.

Etter å ha budd i Oslo i 18 år valte Miriam og mannen hennar å flytte tilbake til heimlege traktar på Karmøy, utanfor Haugesund. Miriam hadde eigentleg landa på å bli buande i Oslo, men plassmangel og ikkje minst ei veldig interessant stilling ved Sjukehusapoteket i Haugesund gjorde at det blei ei endring i planane. Det var først då ei venninne frå heimbygda sendte ho ei melding at ho begynte å tenkje. «Du, er det ikkje dags for å flytte heim snart?», lød meldinga, med ei lenkje til ei ledig stilling som AFT-farmasøyt i Sjukehusapoteket i Haugesund.

- Eg kjente at eg hadde «runnet» det å vere farmasøyt i eit privat apotek, og eg hadde ingen drøym om å bli apotekar i Apotek 1. Då måtte eg byte heilt beite. Stillinga i SAV passa meg perfekt, seier Miriam.

På spørsmål om kva som er det beste med å jobbe i eit sjukehusapotek er Miriam klar.

- Variasjonen, svarar Miriam kontant.

- Skulle eg ha flytta til eit vanleg apotek her i Haugesund ville eg nok gått fort lei. Men her på sjukehusapoteket kjem eg borti så mykje nytt og spennande. I tillegg har eg merka meg at fokuset i det private har blitt veldig kommersielt. Det ser ein igjen på kursingen ein får. Det handlar om å selje mest og ikkje så mykje om det farmasifaglege. Det var kanskje hovudmotivasjonen min for å søkje meg bort.

Saka held fram under biletet

En person som smiler til kameraet
Miriam trivst godt med variasjonen ein får i eit sjukehusapotek.

Avdelingsleiar

Det første året i Sjukehusapoteket i Haugesund har Miriam jobba 2-3 dagar i veke i publikum og resten av tida i AFT. Publikumsdelen kjente ho godt til frå det private, men i AFT var det mykje nytt.

- Eg trivst kjempegodt i publikum, men eg må vere ærleg om at det som har vore mest spennande er den kliniske biten i AFT, som for meg er heilt nytt. Dei fleste her i Haugesund jobbar i to avdelingar. Då får ein òg litt variasjon på kven ein jobbar med. Eg trur det kan vere sunt også eg.

I tillegg til å vere fornøgd med dei faglege utfordringane har Miriam blitt positivt overraska over det gode arbeidsmiljøet.

- Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø her. Eg har veldig trivelege kollegaer. Arbeidsmiljøet er nok det viktigaste for meg. Om ein ikkje trivst på jobb er det vanskeleg å gjere ein god jobb. Difor er det viktig for meg at det blir lagt til rette for at ein får gjort jobben sin ordentleg. At ein er nok folk på jobb og at folk jobbar godt saman og bidrar til det sosiale, seier ho.

Då ein av avdelingsleiarane ved Sjukehusapoteket i Haugesund tok på seg jobben som apotekar stod plutseleg avdelingsleiarjobben ledig. Den valte Miriam å søkje på, etter berre eit år i SAV.

- Eg er veldig takksam for å ha blitt vist denne tilliten og kjenner på at det er med stor audmjukskap at eg skal ta over leiarjobben etter ei som har jobba klinikk i 20 år. Men eg veit jo at eg har ho i ryggen, så det er ein stor tryggheit for meg.  

Saka held fram under biletet 

Miriam står foran hyllene med apotekvarer og smiler til kamera
Miriam jobbar i dag som avdelingsleiar for farmasøytane som går rundt på klinikkane og hjelper helsepersonell.

Frå kranførar til farmasøyt

At Miriam enda opp med å bli farmasøyt var nokså tilfeldig. Den siste jobben ho hadde før ho ble farmasøyt var nemleg som kranførar på Hydro aluminium.

- Hydro hadde fått kritikk for manglande kvinner på arbeidsplassen, så då eg kom skulle TV 2 komme og filme og masse slikt. Det var liten tvil om at eg var kjønnskvotert inn, men for min del var det berre kjekt. Eg fekk masse kurs og ein dritgodt betalt sommarjobb. Planen var aldri å bli verande i Hydro, så eg begynte å tenkje på kva eg skulle gjere vidare

Miriam vurderte legestudiet, men likte ikkje tanken på å jobbe som lege.

- Eg søkte litt etter tilsvarande fag og fann til slutt farmasistudiet. Eg hadde aldri høyrt om nokon som var farmasøyt, så eg visste ikkje kva det var for noko. Men eg angrar ikkje på studievalet mitt. Men om alt skulle skjære seg har eg alltids eit dyrt kranførarsertifikat å falle tilbake, flirar Miriam.