Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Produksjon av legemiddel var avgjerande

Sara Bjørgum Standal ønskte ein jobb der ho fekk møte nye menneske, førebyggje sjukdomar og hjelpe andre menneske til eit betre liv. Den perfekte matchen fann ho hos Sjukehusapoteka Vest.

En lege som viser en pasient noe på datamaskinen
 

- Eg har alltid ønskt å jobbe med menneske. Særleg det å hjelpe dei mot ein betre kvardag. Det er ei heilt spesiell kjensle å vite at jobben vi gjer kan vere med på å forbetre livet til kundar og pasientar, fortel Sara.

Meir enn eit vanleg apotek

Sara jobbar som apotekteknikar i Sjukehusapoteka Vest på Sentralsjukehuset i Førde. For å bli apotekteknikar går ein gjennom Vg1 helse- og oppvekstfag, Vg2 helseservicefag og Vg3 apotekteknikk.

Tradisjonelt jobbar apotekteknikarar for det meste bak skranken, ekspederer og gir råd om medisinar til kundar, men hos eit sjukehusapotek handlar jobben om så mykje, mykje meir.

- Sjukehusapoteka Vest er kort fortalt ein leverandør til sjukehusa i Sogn og Fjordane. Vi har som private apotek eit publikumsutsal der kundar kan kjøpe medisinar og andre apotekvarer. I tillegg har vi sjukehusekspedisjon der vi registrerar, plukkar og leverar bestillingar av legemidlar til avdelingane. Men det som er spesielt spennande hos oss er at vi også produserer legemiddel, seier Sara.

Produksjon av legemiddel er ifølgje Sara som regel førebehalden sjukehusapoteka.

- Produksjon av legemiddel var faktisk ein av hovudgrunnane til at eg ønskte å skifte beite. Eg hadde jobba ein del år i private apotek tidlegare, men tanken på å verkeleg få brukt kunnskap og utdanning i praksis gjorde Sjukehusapoteka Vest til eit naturleg val.

I tillegg yter Sjukehusapoteket sine farmasøytar farmasøytisk rådgjeving til sjukehusets avdelingar og mange kommunar i regionen.

Ein jobbkvardag med utfordringar

Hun legger ikkje skjul på at variasjonen i arbeidet er en stor grunn til at hun trives så godt. En uke ekspederer hun kundar i apoteket, den neste distribuerer hun legemidlar til avdelingane på sjukehuset, og den tredje produserer hun kanskje legemidlar på laboratoriet. At hun i tillegg nå vikarierer som logistikk-ansvarlig og har ansvar for at lageret alltid tilfredsstiller etterspørsel, opplever hun som svært positivt.

Det er nettopp på grunn av slike utfordringar at hun føler seg sikker på at hun vil bli værande i Sjukehusapoteka Vest i mange år framover.
 
- Eg trur eg snakkar for alle mine kollegar når eg seie at vi alltid lærer noe nytt her. Farmasiindustrien er heile tida i utvikling med nye legemidlar og nye forskingsresultat, og vi får jobbe tett med kirurgar, leger og sjukepleiarar med brei kompetanse. Det er rett og slett kjempespennande!

- Eg hadde jobba en del år i private apotek tidligare, men tanken på å verkelig få brukt kunnskap og utdanning i praksis gjorde Sjukehusapoteka Vest til et naturleg val.


Sist oppdatert 03.10.2016