Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et par kvinner holder papirer

Vår strategi 2023 til 2027

Føremålet med strategien er å legge eit godt grunnlag for å løyse oppdraget vårt med levere legemiddel og kompetansetenester til sjukehus, pasientar og helstenesta.

Vi har ein strategi som går frå 2023 til 2027. Hensikta med strategien er å leggje grunnlaget for at vi løyser oppdraget vårt best mogeleg. 

I strategien er det definert fire overordna mål. Dei gir saman med underliggande delmål ei hovudretning på viktige satsingsområde for å realisere samfunnsoppdraget.

  • sikker og framtidsretta legemiddelforsyning
  • auka pasienttryggleik på legemiddelområdet
  • styrka kompetanse og kunnskapsgrunnlag
  • godt arbeidsmiljø og attraktiv arbeidsplass
 
Strategien byggjer både på analysar av omgjevnader som Sjukehusapoteka Vest (SAV) er del av, og SAV si utvikling som organisasjon på sentrale område. Til grunn ligg også ei grundig forankring og samspel internt, ei evaluering av forrige strategi og nokre føringar for priortering.
Den reviderte strategien gjeld fram til 2027, men vil bli oppdatert og endra ved behov.


Prioriterte område
I strategien er det også lagt opp til nokre viktige område og føringar for prioritering i , som følgde av no-situasjonen i 2023 både for SAV og for spesialisthelsetenesta, då strategien vart laga

  • utvike og tilpasse av vareleveranse og tenester for å fylle sjukehusa sine behov på alle verksemdsområda
  • ferdigstilling og implementering av IKT-prosjekt
  • utvikling av apotekareal
  • arbeid for godt arbeidsmiljø og trivsel
  • tilrettelegge for forsking, innovasjon og utvikling
 ​

 

Sist oppdatert 08.11.2025