Gode råd i barseltiden
Det er mykje ein treng til eit nyfødt barn og mor etter fødselen, og det er eit hav av produkt å velje mellom. Vi har derfor laga ei hugseliste over kva de treng frå apoteket.
Visste du at
- Råmjølka som kjem rett etter fødselen er å rekne som supermat for det nyfødde barnet pga. det høge næringsinnhaldet, og at dette dekker matbehovet dei første dagane.
- Det er vanleg at babyar får eit kviseliknande utslett dei første vekene. Dette er ein reaksjon på at hormona til mora forsvinn.
- Dersom barnet skrik meir enn tre timar om gongen, minst tre gonger i veka, og i meir enn tre veker, kan det vere kolikk/luftsmerter. Dette er relativt vanleg hos spedbarn, men dei fleste veks det av seg i løpet av dei første månadane.
- Spedbarn under tre månader har sjeldan feber, men skulle dette skje, må lege bli kontakta. Etter at barnet er blitt tre månader, er feber meir vanleg. Feber er sjeldan farleg, men kan vere ubehageleg.
- Spedbarn pustar med nasen. Når nasen er tett, kan det ofte føre til problem under amming, eller problem med å suge på tåteflaska. Då kan ein reinse nasen med saltvatn og bruke ein nasesugar for å fjerne slim.
- Barn som vert amma bør ved 1 vekes alder få tilskot av d-vitamindropar. Barn som får morsmelkerstatning, treng ikkje tilskot av d-vitamin. Tran er ikkje anbefalt det første leveåret.
Sist oppdatert 11.04.2017