Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Magesjuke hos barn

Akutt magesjuke er plutseleg laus og hyppig avføring anten aleine eller saman med kvalme, oppkast, magesmerter og eventuell feber. Når barn får akutt magesjuke, skuldast det vanlegvis ein virusinfeksjon i tarmen.

Visste du at?

  • Den største faren ved diaré hos små barn, er væsketapet og forskyvingar i saltbalansen til kroppen. Barn toler væsketap dårlegare enn vaksne.
  • Ta kontakt med lege dersom barn under 6 månader får diaré/oppkast.
  • Diaré, oppkast og feber hos barn opptil 2–3 års alder kan gi ein farleg tilstand i løpet av få timar ved stort væsketap. Hos større barn har ein som regel noko betre tid på seg før dei blir alvorleg sjuke.
  • Væskebehovet avheng av væsketapet og er minimum:
    Barn under 1 år: 1 dl væske per kg kroppsvekt i døgnet (dvs. 10 dl til eit barn på 10 kg)
  • Barn over 1 år: 0,5–1 dl væske per kg kroppsvekt i døgnet
  • Dersom barnet ikkje tissar kvar 3. til 4. time, kan det vere teikn på at det får i seg for lite væske og er dehydrert.
  • God handhygiene er viktig for å unngå smitte. Grundig vask med såpe og rennande vatn er det mest effektive.

Kva kan du gjere sjølv?

Erstatt væsketapet

Det viktigaste er at barnet får i seg nok væske. Målet er å erstatte tapet av væske og salt, og å tilføre energi. Morsmjølk eller eit salt-sukker-preparat er det beste. Gi små mengder væske om gongen, og gi det ofte. Prøv f.eks. ei barneskei kvart 5. til 10. minutt i starten. Ta pause i ca. 10 minutt dersom barnet kastar opp, og prøv igjen.

Gi normal kost så raskt som mogleg

Etter tilfredsstillande væsketilførsel i 4–6 timar kan barnet få vanleg mat igjen, også mjølk. Normal kost gir betre væsketilførsel og ernæring, og barnet blir fortare friskt.

 

Apoteket anbefaler

Væskeerstatning

Erstattar væske og tilfører salt og energi.

Resorb brusetablettar med bringebærsmak.
Løys opp i 120 ml vatn (Kan brukast av barn over 3 år).
GEM pulver.
Løys opp i 1 liter vatn. (Kan brukast av spedbarn).

 
Kolpreparat


Har stor adsorbsjonsevne og bind bakteriar.

Tablettar eller mikstur

 
Desinfeksjonsmiddel


Antibac Pharma
 

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel. 

Sist oppdatert 20.11.2023