Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Små barn og ernæring

Det første året treng barn næringstett mat for god vokster og utvikling. Den første maten er grunnlaget for matvanane seinare i livet. Tran anbefalast ikkje det fyrste leveåret.

​Morsmjølk

Morsmjølk er den beste maten for spedbarnet da barnet får dekt behovet for næringsstoff som barnet treng for å vekse og utvikle seg optimalt fram til barnet er 6 månader. Morsmjølka inneheld fettsyrer, immunstoffar, vekstfaktorar og hormon som er viktige for å fremme helse og vokster og for å førebygge sjukdom hos spedbarnet. Morsmjølk vernar blant anna mot overvekt seinare i barne- og ungdomsåra, akutt mellomøyrebetennelse, mage- og tarminfeksjonar og nedre luftvegsinfeksjonar. Dersom det ikkje er mogeleg å amme, må spedbarnet få morsmjølkerstatning.

Frå 1 veke

Barn som blir amma treng tilskot av D-vitamin og bør frå dei er om lag 1 veke få D-vitamindråper som svarar til 10 mikrogram dagleg. Barn som får morsmjølkerstatning ikkje tilskot av vitaminer, mineraler eller fettsyrer fordi morsmjølkerstatning inneheld meir D-vitamin og fettsyrer enn tidligare.

Frå 6 månader

Frå 6 månaders alder treng barnet meir energi og næringsstoff enn berre morsmjølk aleine. Fast føde kan derfor introduserast gradvis frå 6 månaders alder samtidig som morsmjølk eller morsmjølkerstatning utgjer den viktigaste maten det første året. Nokre barn treng meir mat enn morsmjølk eller får ikkje morsmjølk, ein kan da starte tidlegare å introdusere annan mat, men ikkje tidlegare enn 4 månader.

Ein startar å introdusere mat med mjuk konsistens som f. eks. graut og aukar gradvis på konsistens og variasjon fram til barnet er 1 år og kan ete same mat og ha same måltidsmønster som resten av familien.
Målet er at barnet skal ha eit bra kosthald og at det utviklar eit godt forhold til mat og måltid. Kosten bør kombinere grove kornprodukt (grovbrød og grove kornblandingar u/tilsett sukkar), grønsaker og frukt, magre meieriprodukt (lettvariantar av mjølk, ost og jogurt), fisk, fugl, kjøtt, bønner, linser og litt nøtter.

Tilskott av Jern

Det kan også vere nødvendig med jerntilskott frå 6 månaders alder dersom barnet ikkje får nok jern frå eit variert kosthald.

For å sikre at barnet får nok jern gjennom kosten kan barnet frå det er 6 månader, i tillegg til morsmjølk eller morsmjølkerstatning (som begge innehelt jern), ete graut, kjøtt og grove kornprodukt som er rikt på jern. Kumjølk innehelte ikkje jern og bør ikkje drikkast før 1 års alder da det kan forstyrre absorpsjonen av jern frå kosthaldet. Mjølk og syrna produkt kan brukast i matlaginga og litt som jogurt frå 10-12 månaders alder.

Barn som blir amma ved 6 månaders alder og som har eit helt vegetarisk kosthald må i tillegg til D vitamin få tilskott av B12 og evt. jerntilskott.

Ved eit vegetabilsk kosthald er det viktige med jernrike matvarer som graut, bønner, linser og erter som er rikt på jern.

Mat rik på næring

Barn er avhengige av jamn tilførsle av energi og næringsstoff for å vekse og utvikle seg. Dei har eit stort behov for næringsstoff i forhold til si eiga vekt. Og det er derfor viktig at maten dei et er næringsrik, og det blir derfor liten plass til mat og drikke som ikkje gir dei næringa dei treng. Det er derfor spesielt viktig å ha fokus på næringsrik kost til barn.

  1. Måltida bør kombinere mat frå følgjande tre grupper:
    Grove brød, grove kornprodukt, potetar, ris, pasta osv.
  2. Grønsaker og frukt/bær 
  3. Fisk, annan sjømat, kjøtt, ost, egg, ertar, bønner, linser osv.


Friske barn som har eit variert kosthald, tek tran eller D vitamintilskott, samt følger vekstkurva sin treng ikkje å ta tilskott.

Sist oppdatert 20.11.2023