Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Ernæring ved svelgvanskar

Når ein har vanskar med å svelge maten (dysfagi) kan ein ha behov for næring med tjukkare konsistens eller andre kosistenstilpassa produkt.

​Puddingar og kremar

Nokre av dei fullverdige næringsdrikkane har tjukkare konsistens. Desse er anbefalt særskilt til dei som har svelgproblem (dysfagi), f.eks. slagpasientar og eldre. Forutan næringsdrikkar med tjukkare konsistens, er det andre konsistenstilpassa produkt, mellom anna med puddingkonsistens og fruktpurékonsistens. Produkta kjem med mange ulike smakar og kan også vere ein variasjon for dei som brukar næringsdrikkar mykje.

Fortjukkingsmiddel

«Resource Thicken Up» og «Nutilis» er døme på pulver utan smak, som kan tilsettast i drikke og mat for å få ein tjukkare konsistens for dei som har svelgvanskar:

  • Inneheld modifisert maisstivelse
  • Kan tilsettast alle varme og kalde drikkar, næringsdrikkar og alle typar varm eller kald mat i puréform for å få ein tjukkare konsistens

Gode råd ved bruk

  • Dryss pulver over væska og rør med visp eller gaffel til pulveret er løyst opp. Væska vil få ein tjukkare konsistens etter eitt minutt med røring.
  • Ein kan også nytta «food prosessor» ved bruk av større mengder

 

Nyttige lenker

Sist oppdatert 12.08.2016