Næringsdrikker
Næringsdrikkar og andre næringstilskot tilfører kroppen ekstra energi, protein, vitamin og mineral.
I periodar av livet kan ein ha behov for næringsdrikkar, for eksempel når appetitten er dårleg. Det finst også næringsdrikkar som er laga til menneske med ulike sjukdomar.
Nokre næringsdrikkar er fullverdige, det vil seie at dei kan brukast som einaste ernæring. Dei har eit balansert innhald av næringsstoff som kroppen treng. Andre næringsdrikkar er ikkje fullverdige, som vil seie at dei blir brukte som tillegg til mat.
Visste du at?
- Behovet for næringsdrikkar kan kome i alle aldersgrupper, men størsteparten ser ein blant kvinner over 50 år.
- Næringsdrikkar for barn førebygger kraftløyse og vektnedgang ved ulike sjukdomstilstandar, som for eksempel omgangssjuke.
- Eldre menneske er spesielt utsette for underernæring, spesielt ved tygge- og svelgeproblem, depresjon, einsemd, demens, nedsett fysisk funksjonsevne osv.
- Ein fullverdig næringsdrikk med fiber svarer til 2 brødskiver med smør og pålegg, samt ein tablett med vitamin- og mineraltilskot.
- Næringsdrikkar kan nytast varme, kalde, som smoothie eller is.
- Pulver/drikke med nøytral smak kan brukast som tilsetting i vanleg mat. Dette kan ein strø direkte i maten, i vaffelrøra eller på kaka.
- Apoteket har eit rikeleg utval av ernæringsprodukt tilpassa ulike behov.
- Næringsdrikkar blir i spesielle tilfelle dekte på blå resept.
Næringstilskot finst i mange forskjellige typar og smakar
- Mjølkebaserte drikkar
- Yoghurtliknande drikkar
- Saftbaserte drikkar
- Dessertar
- Supper
- Pulver
Apoteket anbefaler
Generelt:
Barn over 1 år
Ved nedsett matlyst og behov for ekstra næring i forbindelse med sjukdom
Produkt:
- NutriniKid
- Resource Minimax
- Frebini
Barn over 6 år og vaksne
Ved underernæring eller behov for ekstra næringstilskot
Produktanbefaling:
- Nutridrink
- Resource
- Fresubin
Spesielle behov/indikasjonar:
Ved fordøyingsproblem og behov for ekstra næring
Kvifor: Ekstra fiber verkar mageregulerande og er bra for tarmfunksjonen
Produktanbefaling:
- Nutridrink Multi Fibre
- Resource 2.0+ Fibre
- Fresubin 2kcal drink Fiber
I forbindelse med sårheiling
Kvifor: Protein- og næringsrik kost bidrar til raskare sårheiling
Produktanbefaling:
- Nutridrink Protein
- Resource Protein
- Fresubin Protein-drikk
- Cubitan (ved trykksår)
Redusert matlyst pga. kvalme
Kvifor: Ekstra mykje næring i forhold til mengde
Produktanbefaling:
- Nutridrink Compact
- Fresubin 2 kcal mini
Ved ønske om saftliknande næringsdrikk
Kvifor: Næringsdrikker med saftliknande smak og konsistens
Produktanbefaling:
- Nutridrink Juice
- Resource Addera+
- Fresubin Jucy
Når det er vanskeleg å svelge
Kvifor: Produkt med tjukkare konsistens er enklare å svelge
Produktanbefaling:
- Nutridrink Creme
- Fresubin Creme
- Fresubin Yocreme
- Nutridrink Yoghurt
KOLS
Kvifor: Næringsdrikk med redusert volum og samansetting kan bidra til å unngå full magesekk og press mot lungene
Produktanbefaling:
- Respifor (anbefalt å drikke før fysisk aktivitet/trening)
Sortimentet kan variere frå apotek til apotek, men det er mogleg å bestille alle variantar.Dei tilsette på apoteket vil hjelpe deg med å finne det du treng.
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.