logo Sjukehusapoteka Vest

Muskelsmerter

Muskelsmerter kan ha mange årsaker, f.eks. fysisk skade i form av slag, forstrekking eller anna overbelasting.

​Psykisk belasting eller stress kan også gi muskelsmerter. Stramming av musklar over tid kan føre til smerter. Virussjukdomar som influensa kan også ofte gi smerter i muskulaturen.

Visste du at?

  • Kroppen har over 600 skjelettmusklar (viljestyrte musklar) som gjer at vi kan stå oppreist og bevege oss.
  • Regelmessig mosjon kan førebygge muskelplager.
  • Gode arbeidsstillingar i kvardagen er viktig for å unngå belastingsskadar.
  • Ved kroniske smerter er det viktig å finne årsaka til smerta, slik at ein kan starte med riktig behandling.
  • Ved muskelspenningar kan det hjelpe med lett massasje som aukar blodgjennomstrøyminga til den smertefulle staden. Bruk gjerne massasjeolje.
  • Nokre kolesterolsenkande legemiddel, som for eksempel statinar, kan gi muskelsmerter. Ta kontakt med lege dersom smertene ikkje gir seg innan eit par dagar, spesielt viss du har feber i tillegg.
  • Tilskot med magnesium kan hjelpe ved lette muskelkrampar.

Kva kan du gjere sjølv?

Finn årsaka til muskelsmertene, og prøv å gjere noko med problemet.

Akutt muskelskade: nedkjøling av skadestaden (minimum 20 minutt), trykkbandasje for å hemme hevelse, ro og legge skadestaden høgt.

Lette til moderate og forbigåande smerter: reseptfrie smertestillande
legemiddel kan brukast.

Lette til moderate smerter og i tilknyting til forstuing eller forstrekking: lokal behandling med smertestillande og betennelsesdempande gel kan brukast.

Apoteket anbefaler

Paracetamol er førstevalet ved behandling av kortvarige lette til moderate smerter.

Andre produkt:

Nedkjøling - ispose
     
Avlastning - støttebandasje

Reseptfrie legemiddel i forbindelse med leddsmerter:

Smertestillande

Paracetamol

Paracet
Pinex
Kan fås som:

Tablett/kapsel
Mikstur
Stikkpille
Bruse-tablett
Granulat/smeltetablett (ta utan vatn)

Paracetamol/koffein

Paracetduo 
Kan fås som:

Tablett/kapsel

Smertestillande og betennelsesdempande


Ibuprofen

Ibux
Ibumetin

Kan fås som:

Tablett/kapsel
Mikstur

Diklofenak

Voltarol
Kan fås som:

Tablett/kapsel

Lindring av symptoma ved lett til moderat slitasjegikt (artrose)


Glukosamin

Samin
Glucosamin

Kan fås som:

Tablett/kapsel

Lokale smertestillande og betennelsesdempande ved forstuing/forstrekking

Ibuprofen

Ibux
Ibumetin
Kan fås som:

Gel

Diklofenak

Voltaren Forte

Kan også brukast ved slitasjegikt i fingrar/kne
 

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

 

Sist oppdatert 20.11.2023