Gnagsår
Gnagsår oppstår når huda blir utsett for vedvarande gnissing. Huda blir raud, varm og det blir danna væskefylte blemmer. Gnagsår kan for eksempel oppstå når du går mykje, har nye sko, er ute på tur eller går på ski.
Visste du at?
- Det er viktig å halde føtene tørre. Skift strømper ofte for å unngå gnagsår.
- Gnagsårplaster sit betre om du varmar det i handflata før du set det på.
- Du kan bruke sportstape over gnagsårplasteret for at det skal halde seg på plass.
- Det kan vere lurt å bruke 2 strømper utanpå kvarandre med ei fin, tynn ullstrømpe nærmast huda for å minske friksjonen. Unngå bomullsokkar.
- Jamleg bruk av fotkrem held føtene mjuke og kan førebygge gnagsår.
Hva kan du gjere sjølv for å unngå gnagsår?
- Bruk antignagsårstift som minskar friksjonen og dermed reduserer risikoen for gnagsår.
- Gnagsårplaster eller silketape kan brukast førebyggande på ekstra utsette parti, for eksempel på hælane.
Lindre plagene ved gnagsår
- Gnagsårplaster kan settast på raud hud med/utan blemme og blir brukt til gnagsåret er grodd.
- Har det gått hol på blemma, kan du reinse med desinfiserande middel, alternativt såpe og vatn. Sett på gnagsårplaster når huda er tørr. Dersom blemma inneheld blod, bør du unngå å ta hol på blemma, sidan dette aukar risikoen for infeksjon. Ved mistanke om infiserte sår bør dette undersøkjast nærmare.
- Dersom blemma er svært smertefull og væska ikkje inneheld blod, kan du bruke ei steril skarp nål til å punktere blemma. Stikk forsiktig fleire hol i kanten på blemma, men la overliggjande hud vere. Ha på sårsalve og dekk blemma med vanleg plaster.
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.
Sist oppdatert 21.11.2023