Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Hjarte- og karsjukdom

Hjarte- og karsjukdomar er sjukdomar som kan oppstå i hjerte og blodkar i kroppen. Dei vanlegaste hjarte- og karsjukdommane er hjertekrampe, hjerteinfarkt, hjertesvikt og hjerneslag.

Høgt blodtrykk og høgt kolesterol er ikkje ein sjukdom i seg sjølve, men det aukar risikoen for fleire andre sjukdommar, blant anna hjerteinfarkt og slag.

Årsakene til at ein utviklar hjarte- og karsjukdom er samansett av fleire faktorar. Dersom fleire av faktorane opptrer samtidig so aukar risikoen ofte langt meir enn det summen skulle tilseie.


Les meir om desse sjukdommane på helsenorge.no

Dei viktigaste risikofaktorane for å utvikle sjukdommen:

  • Røyking
  • Høgt blodtrykk
  • Høgt kolesterol
  • Kosthold
  • Låg fysisk aktivitet
  • Diabetes
  • Overvekt
  • Høgt alkoholinntak
  • Arvelege forhold / familiehistorie
  • Høg alder
  • Mannleg kjønn
  • Etnisitet

Ein av fem bruker legemidlar mot hjarte- og karsjukdom

1 av 5 nordmenn lever i dag med hjarte- og karsjukdom eller har høg risiko for utvikle slik sjukdom. Det er og om lag 1,1 million nordmenn som brukar legemidlar for å førebygge eller behandle sjukdommen. Riktig bruk og god etterleving av behandlinga er eit viktig bidrag til at fleire overlever sjukdommen og til at færre dør for tidleg.    


Hjarte- og karsjukdommar kan ein i stor grad førebygge med sunne levevanar. Det er derfor viktig at du tar vare på hjartet ditt ved å leve litt meir hjartesunt.

Medisinar mot hjerte- og karsjukdom

I tillegg til hjertesunne levevaner er medisinar viktig for mange for å førebygge og behandle hjerte- og karsjukdommar. Nedanfor finn du nokon sentrale områder for behandling og førebygging av hjarte- og karsjukdomar.   

Blodtrykksenkande behandling

Det fins fleire legemidlar som kan senke blodtrykket. Dei fleste fungerer omtrent like godt. Mange må og ta fleire enn ein medisin for å få senka blodtrykket til eit akseptabelt nivå. Dei vanlegaste hovudgruppene av blodtrykksmedisinar er: vann-drivande, ACE-hemmar, A2-blokkere, kalsiumblokkere, betablokkere og alfablokkere.

Blodfortynnande behandling

Blodfortynnande medisin brukast for å redusere risikoen for å få blodpropp. Det finns fleire ulike typar blodfortynnande medisinar. Slike medisinar verker på ulike måtar for å redusere blodet sin evne til å levre seg («klumpe seg»). Nokon eksempel på blodfortynnande medisinar er blodplate-hemmar (for eksempel acetylsalisylsyre/Albyl-E), Warfarin/Marevan og ei ny legemiddelgruppe som er kalla DOAK (direkteverkande orale anti-koagulasjonsmidlar), til dømes Xarelto, Pradaxa og Eliquis..   

Kolesterolsenkande behandling

Dersom endring av kosthald og levemåte ikkje er tilstrekkeleg for å redusere kolesterolet til ønska nivå kan legen anbefale kolesterolsenkande legemidlar. Statiner er dei mest effektive legemidla for å redusere kolesterolet. Det finnes ulike typar statiner. Dei mest brukte i Norge er simvastatin og atorvastatin. Det finns og andre legemidlar som ein kan bruke mot høgt kolesterol. Vanlegvis har ikkje dei like god effekt som statiner, men dei kan vere eit alternativ for dei som ikkje kan ta statiner grunna biverknader.    

Få ein god start med hjertemedisinen din

Har du nyleg starta med blodtrykksenkande, blodtynnande eller kolesterolsenkande behandling? Sjukehusapoteket kan følgje deg opp slik at du kjem trygt i gang med den nye medisinen. Denne tenesta heiter Medisinstart og er gratis for dei som har starta med eit nytt legemiddel mot hjarte- og karsjukdom. 

Sist oppdatert 28.02.2024