Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Flass og tørr hovudbotn

Flass blir kjenneteikna ved kløe og avskaling av hudflak frå hovudbotnen. Flaka varierer i størrelse, alt frå eit knappenålshovud til større skorper/flassbelegg, tørre eller feite.

Kva kan du gjere sjølv?

Tørr hovudbotn
For å rette opp att balansen i hovudbotnen anbefaler vi å bruke ein mild sjampo. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, kan du i tillegg bruke ein fuktgivande gele til hovudbotnen.

 
Lett flass
Bruk av ein mild flass-sjampo i utsette periodar er anbefalt.

 
Moderat til kraftig flass og seborroisk eksem i hovudbotnen
Ein kur med medisinsk sjampo som drep soppen som er årsaka til flass, er anbefalt. Ein mild sjampo er anbefalt mellom behandlingane og i dei betre periodane.

Er du plaga av feitt flassbelegg i hovudbotnen, kan eit oljeliniment med salisylsyre masserast inn i hovudbotnen slik at skorpene lausnar.

Eksempel på produkt
 

Ved tørr eller sensitiv hovudbotn, eller mellombehandling av flass
Mild sjampo

 

  • ACO special care sjampo til tørr hovudbotn
  • Sebamed everyday shampoo ekstra mild
  • Decubal mild sjampo
  • Vichy Dercos sjampo sensitive og tørr
     

 

 
Ved lett flass
Flass-sjampo

 

  • Sebamed Anti-Dandruff Shampoo
  • La Roche Posay Kerium DS intensive flass sjampo
  • Vichy Dercos flass sjampo til feit hovudbotn / tørr hovudbotn

 

 
Ved moderat/kraftig flass eller seborroisk eksem
Medisinsk flass-sjampo

 

 

  • Fungoral
  • Selukos*
  • Selsun*
     

* kan bestillast


 
Fuktgivande produkt
 

  • Decubal Dry scalp treatment
  • ACO special care fuktgivande hovudbotngelé
     

 
Oljeliniment med salisylsyre
 

  • NAF Salisylsyre oljeliniment 2 %

 
 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 06.02.2024