logo Sjukehusapoteka Vest

Tørr hud

Feittlaget ytst i huda held på fukta i huda. Er feittlaga borte, forsvinn vatnet og huda blir tørr. Den tørre huda kjennest gjerne stram og sår, og ho kan flasse og klø.

​Forsøk å behalde det naturlege vernande feittlaget i huda. Dusj eller vask deg med lunka vatn, og bruk olje eller mild såpe til hudvask. Til ansiktet bør du bruke reinseprodukt tilpassa tørr hud. Tørk deg forsiktig utan å gni eller skrape opp huda. Tilfør huda fukt. Drikk nok vatn, og bruk fuktkrem regelmessig. Det finst mange gode fuktkremar på apoteket, prøv deg fram til dei produkta som passar huda di best.

 

Visste du at?

  • Hyppig dusjing, bading og sterke såper fjernar det naturlege feittlaget i huda slik at vatnet lettare fordampar og huda blir tørr. Bruk derfor dusj- og badeoljer.
  • Tørr ansiktshud blir pleidd best med reinseprodukt som blir fjerna med bomull, samt rike, nærande og fuktgivande kremar.
  • Mykje sol, men også vintervêr, høg innetemperatur og tørt inneklima kan gjere huda tørr.
  • Tørr hud er ofte ein følgetilstand ved fleire hudsjukdommar, f.eks. atopisk eksem.
  • Andre hudsjukdommar, slik som eksem, kan blusse opp når huda er tørr.
  • Stoff som verkar positivt inn på tørr hud er blant anna karbamid, glyserin, havreekstrakt og rapsolje. Kremar som inneheld desse stoffa, er bra å bruke på tørr hud.
  • Frisk hud kan også bli tørr.


Apoteket anbefaler

Feit krem blir anbefalt til svært tørr hud. Det tar litt tid før feite kremar trekker inn i huda. For enkelte kan ein feit krem bli for tett og føre til varme og kløe. Smør ev. den feite kremen berre på tørre flekkar, og bruk ein lettare krem på resten av kroppen.

Fuktkrem passar til heile kroppen og trekker lettare inn i huda enn feit krem.

Lotion passar best for lettare tørr hud, er meir flytande og lett å smørje ut.
 
 
Eksempel på gode produkt:

  • A-Derma Exomega Cleansing Oil/Bath *  **
  • Eucerin Shower Oil ***
  • Sebamed Shower Oil **
  • LRP Lipikar Syndet dusjgelekrem
     

  • A-Derma Exomega Balm
  • La Roche-Posay Lipikar Balm

  • A-Derma Exomega Balm
  • La Roche-Posay Lipikar Balm Locobase feit krem *
  • Decubal Body Cream

  • A-Derma Exomega Cream
  • La Roche-Posay Lipikar Bodylotion ** Decubal Clinic Cream
  • Physiogel Creme 

  • Carbaderm 10 % ***
  • Karbamidkrem 5 eller 10 %
  • Canoderm krem 5 % *

  • A-Derma Exomega Lotion
  • Eucerin lotion m/pumpe ***

  • Decubal Face Cream*
  • Aderma Skin Care Cream
  • La Roche-Posay hydraphase rich krem tørr **

*Konservert med paraben   **Inneheld parfyme   ***Finst med/utan parfyme. (Produkt utan* er ikkje konservert med paraben.)


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

 

Sist oppdatert 06.02.2024