Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Menstruasjonssmerter

Menstruasjonssmerter (dysmenoré) er smerter like før eller samtidig med menstruasjonsblødinga.

Eit vanleg symptom er krampesmerter i midten eller nedre del av magen. Nokre kvinner får smerter i korsryggen og nedover i beina. Andre blir kvalme og kan kaste opp, får hovudverk, blir øre eller svimle.

 

Visste du at?

  • Årsaka til smerter i forbindelse med menstruasjon er ikkje så godt kjent. Forskarar går ut frå at rikeleg utskiljing av såkalla prostaglandiner i menstruasjonsblodet medfører samantrekkingar og krampar i livmora.
  • Smertene skuldast som regel menstruasjonen i seg sjølv, og ikkje eit underliggjande helseproblem.
  • Menstruasjonssmerter opptrer oftast i tida etter puberteten.
  • Menstruasjonssmertene blir betre med alderen, og mange kvinner får mindre smerter etter at dei har født barn.
  • Bruk av p-piller kan gi mindre plager.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Mange opplever at eit varmt bad og/eller ei varmeflaske på mage eller rygg kan verke lindrande.
  • Fysisk aktivitet hjelper mange.
  • Det finst smertestillande legemiddel som kan hjelpe. Desse bør ein ta ved første teikn på smerte for å få best effekt. Ved lettare smerter er preparat med paracetamol anbefalt. Dersom menstruasjonssmertene er kraftigare, er naproxen, ibuprofen eller diklofenak anbefalt.

Apoteket anbefaler

Reseptfrie legemiddel ved menstruasjonssmerter:

 

  • Paracet
  • Pinex

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel
  • Mikstur
  • Stikkpille
  • Bruse-tablett
  • Granulat/smeltetablett (ta utan vatn)

  • Naproxen

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

  • Ibux
  • Ibumetin 

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel
  • Mikstur

  • Voltarol

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

  • Paracetduo

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

 



Kjelder: Apotekforeininga, Norsk Helseinformatikk, Felleskatalogen

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 20.11.2023