Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Inhalasjonsrettleiing

Vi tilbyr inhalasjonsrettleiing i våre sjukehusapotek. Bruker du inhalator for astma eller kols, kan du få gratis rettleiing av farmasøyt.

Farmasøyt med kittel smiler til kamera og holder opp en inhalator. Han holder den mot munnen, som om at han skulle brukt den selv.

Hvem får tilbud om tjenesten

Det er pasienten sjølv, legen eller farmasøyt i apoteket som kan ta initiativ til at du får denne tenesta.

Gratisteneste

Rettleiinga tar mindre enn ti minutt og er gratis for den som mottar denne tenesta.

​Kven kan ha nytte av tenesta

  • Ny brukar
  • Behov for opplæring/oppfrisking i teknikken
  • Opplever manglande effekt
  • Reingjering og oppbevaring av inhalator

Teknikken er viktig

Ein inhalator er eit doseringsverktøy. Ved riktig bruk sørgjer inhalatoren for at partiklane får fart og kjem heilt ned i lungene der dei skal verke.

Gjennomføring

Alle våre apotek har eigne rom som vi kan bruke til informasjon og opplæring i riktig bruk av legemiddel. Be om å få tenesta i eit stille rom om du meiner at det er best for deg, Alle våre sjukehusapotek tilbyr denne tenesta.

Meir informasjon om inhalasjonsrettleiing finn du på Apotekforeningens nettsider

Sist oppdatert 15.09.2026