Munnskåld

Munnskåld er sår som kjem inni munnen. Såra er gjerne runde, gulkvite, ømme og raude rundt. Årsaka til at såra oppstår, er ukjent. I enkelte tilfelle kan dei skuldast ein virusinfeksjon (for eksempel herpessår).

Lokale skadar i munnslimhinna og stress kan vere utløysande faktorar. Ein del kroniske sjukdomar slik som Crohns sjukdom, ulcerøs kolitt og cøliaki gir også større risiko for munnskåld.

Visste du at?

  • Barn og unge vaksne er mest plaga med munnskåld.
  • Dei fleste som har plagene utan kjend årsak, har plager som kjem og går. Dei første åra vil plagene auke, men så vil dei langsamt bli borte.
  • Tilstanden er vanlegare i enkelte familiar, noko som kan tyde på at både arv og miljø speler inn.
  • Hos dei fleste vil utbrotet vere over i løpet av 7–14 dagar.

Kva kan du gjere sjølv?

For å unngå/redusere utbrot:

  • Bruk ein mjuk tannbørste for å hindre skadar på munnslimhinna.
  • Bruk ein såpefri tannkrem. Såpestoff kan løyse opp protein i spyttet og på den måten redusere spyttet sin vernande effekt.
  • Ver forsiktig med sure drikker (for eksempel brus og juice) og hard mat som kan lage rifter i munnslimhinna.

For å lindre plagene ved utbrot kan ein:

  • Skylje/behandle når plagene har oppstått for å forkorte prosessen.
  • Til små barn kan munnskyljevæska påførast med q-tips eller ved hjelp av ein mjuk tannbørste som ein dyppar i munnskyljevæska.

Apoteket anbefaler

 

Hindrar skadar i slimhinna.

  • Tannbørstar merka med supersoft eller ultrasoft
     

Forkortar prosessen og reduserer tilbakefall.

  • Zendium tannkremar Sensodyne tannkremar
     

Kan forkorte prosessen.

  • Corsodyl
  • Flux klorhexidin
     

Dannar ei hinne over såra og framskundar heiling.

  • Aftamed gel Aftamed spray
  • Nycomed Aloclair gel

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 20.11.2023