Munntørrleik

Munntørrleik skuldast for låg spyttproduksjon.

​Spyttet si oppgåve er blant anna å:

  • fukte, smørje og reinse munnhola
  • nøytralisere syre, motverke bakteriar og sopp
  • lette tygging, svelging og snakking
     

Nedsett spyttproduksjon er ein svært vanleg biverknad av mange legemiddel, og dette kan ofte føre til munntørrleik. Låg spyttproduksjon kan også skuldast sjukdomar, som for eksempel Sjøgrens syndrom, diabetes og revmatisme. Strålebehandling og operasjonar i kjeve/hals kan skade spyttkjertlane, og er derfor også moglege årsaker til munntørrleik.

Visste du at?

  • Munntørrleik over tid kan gi tannrote.
  • Dei som slit med munntørrleik, bør vere ekstra nøye med tannpleie og få sjekka tennene regelmessig.
  • Dersom eit legemiddel gir store plager med biverknader, kan legen i nokre tilfelle justere dosen eller byte legemiddel.
  • Produkt som stimulerer spyttproduksjonen, for eksempel pastillar eller tyggegummi mot munntørrleik, kan lindre plagene.
  • Ved uttalte plager kan ein ta fluortablettar 4–6 gonger dagleg, samt etter kvart måltid, for å beskytte tennene. Bruk den svakaste styrken.

Kva kan du gjere sjølv?

Sørg for god tannpleie

  • Vær nøye med tannpleie. Børst tennene morgon og kveld med ein mjuk tannbørste og fluortannkrem. Unngå tannkremar med såpestoffet natriumlaurylsulfat. Såpestoff kan løyse opp protein i spyttet og på den måten redusere den vernande effekten av spyttet. Bruk tanntråd.
  • Drikk rikeleg med vatn, og skyl gjerne munnen etter måltid. Reduser inntak av sure drikker som kaffi, juice eller mineralvatn.

Bruk produkt som aukar spyttproduksjonen og beskyttar tennene

  • Bruk fluor og produkt som stimulerer spyttproduksjonen. Sjå tabell under for produkt.
  • Tygg sukkerfri tyggegummi og sug på sukkerfrie pastillar.

Apoteket anbefaler

Produkt til eigenbehandling:

  • Xerodent sugetablettar
  • Flux tablettar
  • Nycodent fluorix tablettar
  • Xerodrops

  • Nycodent Saliva sugetablettar
  • V6 tyggegummi

  • XeroGel strawberry/mint

  • Zendium Sensodyne

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

 


 

Sist oppdatert 20.11.2023