Augekatarr

Augekatarr er ein betennelse i den ytste hinna i auget. Betennelsen kan skuldast bakteriar, virus eller allergi.

Symptom

  • Raude auge
  • Kløe
  • Auka tåresekresjon
  • Attklistra auge etter søvn
  • Kjensle av at «det er noko på auget»
  • Lett svie
  • Puss​

Augekatarr forårsaka av bakteriar eller virus

Startar ofte i det eine auget, men spreier seg gjerne til det andre i løpet av 1–2 dagar. Augekatarr er veldig smittsamt, og smittar som oftast ved direkte kontakt via fingrar eller via dropesmitte. Augekatarr forårsaka av bakteriar eller virus oppstår hyppig hos småbarn og er vanleg i forbindelse med forkjøling.

Augekatarr forårsaka av allergi

Gir vanlegvis symptom i begge auge, og plagene er som regel sesongavhengige. Allergisk augekatarr oppstår ofte saman med andre allergiske plager slik som tett nase. Pollen, dyrehår og kosmetikk er dei vanlegaste utløysande faktorane.

Visste du at?

  •  3 av 100 pasientar som oppsøker allmennlege, har augekatarr forårsaka av bakteriar/virus.
  • Spedbarn kan ha tronge og tette tårekanalar som kan gi symptom som liknar på augekatarr, dette utan at barnet nødvendigvis treng å bli behandla med antibiotika.
  • Antibiotikabehandling er omdiskutert fordi augekatarr vanlegvis går over av seg sjølv i løpet av 1–2 veker
  • Byt til ny maskara/augesminke om du har hatt augekatarr for å unngå å bli smitta på ny.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Vask auget ofte med fysiologisk saltvatn/augebadevatn med sterile tupferar/kompressar, særleg om morgonen.
  • Førebygg smitte med hyppig handvask, og la personen som er smitta bruke eige handkle. Bruk ikkje same augesminke som ein person med augekatarr.
  • Reseptpliktige augedropar/augesalve med antibiotika kan forkorte varigheita dersom augekatarren skuldast bakteriar.
  • Det ikkje grunnlag for å anbefale at barnehagebarn med mild til moderat augekatarr blir haldne heime. Ved kraftig augekatarr med mykje puss, bør barnet av smittevernomsyn haldast heime fram til det er blitt mindre puss.
  • For å lindre plager ved augekatarr forårsaka av pollenallergi kan allergiaugedropar og eventuelle allergitablettar brukast. Desse kan ein kjøpe på apoteket utan resept til vaksne og barn over 6 år.

Apoteket anbefaler

  • Augebadevatn
  • Tupferar
  • Handdesinfeksjon

  • Augedropar mot allergi
  • Eventuelle allergitablettar


 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 21.11.2023