Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Kateter

Kateter blir brukt der urinblæra ikkje klarer å tømma seg eller berre blir tømd delvis. Det finst mange typar kateter tilpassa ulike behov.

Diagram

Kateter til menn eller kvinner, kateter til bruk på reise der kateteret har innlagt sterilt vatn slik at du kan tømma blæra sjølv om du ikkje har reint vatn tilgjengeleg.

Eingongskateter

Finst i forskjellige utformingar der personen tømmer blæra fleire gonger i døgnet

Permanent kateter

Kateteret blir sett inn i blæra og kan bli liggjande i fleire veker. Permanent kateter blir kopla til ein urinpose som blir tømt ved behov. Det kan òg koplast på ein nattpose med lang slange som rommar inntil 1 ½ liter urin.

Sjukehusapoteket har mange forskjellige utformingar og storleikar av urinkateter på lager.

Dei fleste produkt blir dekte på blå resept av Helfo. For meir informasjon, sjå helfo.no

Sist oppdatert 27.09.2016