Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en hvit pille

Om oss - seksjon legemiddelberedskap (B180)

Seksjonen har brei kompetanse på ulike område og tar hand om forvaltinga av nasjonale legemiddelberedskapslager for primær- og spesialisthelsetenesta.

ansatte ved seksjonen - gruppebildet
Vi som jobbar her
Et uskarpt bilde av en person
Kva arbeider vi med?

Oppfølging av legemiddelberedskap i primærhelsetenesta (§5) på vegner av DMP

  • Legemiddelgrossistar som leverer til apotek er pålagde å halde oppe ekstra lager av utvalde kritiske legemiddel for opptil seks månader. B180-forvaltninga har tett kontakt med grossistane, overvakar rapportert behaldning og handterer kompensasjonsordninga på vegner av   Direktoratet for medisinske produkt (DMP).

Forvaltning av nasjonale legemiddelberedskapslager i spesialisthelsetenesta på vegner av dei fire regionale helseføretaka.

  • aktivt vedlikehald av lagerbehaldning
    • vurdere innkjøp, inkludert haldbarheit
    • vurdere og godkjenne uttak frå B180S
    • vurdere haldbarheit på lagerbehaldning og eventuell kassasjon

Halde ved like og gjere nødvendige endringar i nasjonale beredskapslager

  • blir gjort i tråd med målsetjing og etter faglege råd frå samarbeidande partar:
    • spesialistgruppe for nasjonalt legemiddelberedskapslager gir råd og tilråding om utvalde legemiddelgrupper/verkestoff som skal beredskapslagrast
    • forvaltningsgruppa for nasjonalt legemiddelberedskapslager gir råd og tilråding om val av produkt og volum

Oppfølging av legemiddelmanglar

  • deltaking i nasjonalt mangelmøte i regi av Mangelsenteret
  • vurdere frigjeving frå nasjonale legemiddelberedskapslager
  • dialog med DMP ved behov rundt legemiddelmanglar.
  • oppfølging av rapporterte behaldningar på kritiske legemiddel til sjukehus, fokuslista og B20-lista.

Utarbeiding og oppdatering av statistikk og informasjonsmateriell til relevante interessepartar

  • B180-forvaltninga får vekevise rapportar på dei ulike nasjonale beredskapslagera, og denne informasjonen blir samanfatta i ulike fellesrapportar som blir delte med aktuelle aktørar som arbeider med forsyningstryggleik.
  • anna materiell blir utarbeidd på førespurnad

Kontroll og gjennomgang av fakturagrunnlag

  • grossistane får godtgjersle for beredskapslagring av kritiske legemiddel som inngår i B180S og §5.

Avtalebyte

  • Sykehusinnkjøp HF innhentar tilbod på viktige legemiddel som blir nytta i spesialistheilsetenesta. B180-forvaltninga justerer vareutvalet i legemiddelberedskapslagera i tråd med inngåtte avtalar og legemiddeltilrådingar.

Oppfølging av avtalar med legemiddelgrossistar

  • eksempelvis B180-spesialistavtalen

Bidrag i relevante forum for legemiddelberedskap 

  • nasjonalt
  • internasjonalt

Vurdere moglegheita for bidrag frå nasjonale legemiddelberedskapslager

  • ved bistandsoppmodingar
  • førespurnader om donasjon
  • og/eller «MSSG Solidarity mechanism»

 

 

Skikkelse

Bakgrunn for opprettinga av seksjon

Bakgrunn for opprettinga av nasjonalt legemiddelberedskapslager var eit politisk ønskje om lager på norsk jord.

Regjeringa fatta vedtak om å byggje beredskapslager for primær- og spesialisthelsetenesta.

B180-prosjektet starta 8. mai 2020 og gjekk frå prosjekt til permanent drift 1. desember 2021.

I forbindelse med samordninga, 15.juni 2024, overtok B180-forvaltninga det operative ansvaret for fokuslista og B20-listen, i tillegg til B180-spesialist.

Fra 01. september 2024 overtok Direktoratet for medisinske produkter (DMP) det overordna ansvaret for nasjonal forsyningssikkerheit og beredskap for legemiddel, herunder forskrift om legemiddelgrossister, § 5. 

B180 - tidslinje

01. desember 2021​

Spesialisthelsetenesta - ansvar: dei regionale helseføretaka (RHF-a)

  • permanent drift av B180-spesialistavtalen.
  • grossistadministrasjonen (GA) har fortsatt ansvar for fokuslista og B20-lista

01. desember 2021​

Primærhelsetenesta - ansvar Helsedirektoratet

  • permanent drift av B180 - primær-avtalen
  • 50-lista
  • § 5

15. desember 2023

Primærhelsetenesta

  • § 5 implementert i legemiddelgrossist-forskrifta
  • B180 primæravtale ​blir avvikla

15. juni 2024​

Spesialisthelsetenese

  • samordning 
  • B180-forvaltninga overtar forvaltning av fokuslista og B20-lista, i tillegg til B180-spesialist  

01. september 2024​

Primærhelsetenesta

  • Direktoratet for medisinske produkter (DMP) overtar ansvar, § 5​​