Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Linda er framsidepiken for diabetes

Apotekteknikar Linda Terwindt ved Sjukehusapoteket i Bergen har diabetes type 1 og deler velvillig sine erfaringar med både kundar og andre. I november hamna ho på framsida til Farmasiliv.

Publisert 20.02.2024
Sist oppdatert 21.02.2024
En mann iført hvit skjorte og briller

Opp gjennom åra har Linda fått mykje dårleg informasjon og møtt mange misoppfatningar med folk som har laga sine eigne meiningar. Det gjorde at ho til slutt bestemte seg for begynne å skrive litt om sjukdomen.

I november heldt ho eit innlegg framfor 600 publikummarar på Farmasikongressen. Deretter hamna ho på framsida til Farmasiliv som går ut til nesten 4000 medlemmar av Farmasiforbundet.

En mann med briller
Linda hamna på forsida av medlemsbladet for Farmasiforbundet

- Det er viktig å få fram ei riktig og faktabasert framstilling, tykkjer eg. Det er mange problemstillingar knytt til diabetes. Som til dømes at vêret påverkar deg som har sjukdomen.

På nettstaden Levmeddiabetes har ho fleire titals innlegg om alt frå det psykososiale ved sjukdomen, matoppskrifter til korleis livet er som småbarnsmamma med diabetes.

- Det er noko eg har heldt på med sidan 2015 ved sidan av jobben. Det er noko eg gjer klokka kvart på elleve, når ungane har lagt seg. Men eg er ikkje like aktiv no sidan ungane opptek mykje av tida mi, fortel ho.

Diabetes-eksperten

Ved Sjukehusapoteket i Bergen får dei stadig inn pasientar som nettopp har fått diagnosen eller som har fått nytt utstyr eller ny insulin. Då er det fint med ekspertkompetanse i rekkene. Saman med Ingunn Lohne har Linda ansvaret for oppfølging av kundar med diabetes.

- Vi har mange kundar med diabetes. Det er folk som nettopp har vore på kontroll og fått diagnosen eller har fått ny insulin, nye medisinar eller nytt utstyr. Då har dei mange spørsmål. 

Linda fortel at diabetes er ein meir kompleks sjukdom enn det mange trur. Blodsukkeret blir påverka av stress, hormon, vêr og humør, men med det nye tekniske utstyret som no finst på marknaden lever ho og andre med diagnosen eit mykje meir stabilt liv enn tidlegare.

- Som regel får dei for mykje informasjon i starten. Då pleier eg alltid å sei at dei gjerne må komme tilbake dersom dei har nokre fleire spørsmål.

En tatovering på en persons arm
Ingen tvil om at Linda brenn for saka.