Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Nhu vil forenkle kvardagen med teikneseriestriper

Nhu Nhu Nguyen har gjennom si masteroppgåve om språkbarrierar mellom apotektilsette og innvandrar sett på korleis teikneseriestriper kan vere med på å formidle viktig informasjon til pasientar som ikkje snakkar så godt norsk.

Publisert 14.04.2023
Nhu holder opp masteroppgaven sin og smiler til kamera. En spesialpyntet kake står på bordet foran henne.
​Då Nhu begynte på masteroppgåva si i 2020 valte ho å skrive om eit tema som sjølv hadde mykje erfaring med – interaksjonen mellom apotektilsette og innvandrarar.

- Eg er fødd i Norge, men vaks opp som tospråkleg og måtte vere ein slags tolk for mine foreldre i heile oppveksten, fortel Nhu.

​- Då eg blei eldre og begynte å jobbe i apoteket såg eg at det var fleire enn meg som måtte vere tolk for sine foreldre. Det var barn som måtte omsetje viktige opplysingar om legemiddel for foreldra sine. Dette synast eg var ukomfortabelt, då eg meiner at barn skal få lov til å vere barn. Så derfor ville eg lette denne språkbarrieren og utvikle eit verktøy som kan vere tilgjengeleg for alle, til ein kvar tid.

For å løyse problemet valte ho den moderne «design thinking»-metoden som fremmer innovative løysingar for komplekse problem. Ei stor mengde data blei samla inn frå både spørjeundersøking av apotektilsette, intervju med innvandrar og observasjon av kundemøter. Basert på dette blei det lagt fram ulike idear og løysingsforslag i form av teikneseriestriper. Prototypen blei så testa på innvandrarar med vietnamesisk bakgrunn og tilsette i apotek.

- Observasjon av 150 kundemøter med innvandrarar ga meg inspirasjon til å utvikle eit visuelt verktøy. Eg tenkte at teikneseriestripar var noko alle kunne forstå og som dermed kunne gje ein betre forklaring overfor innvandrarar.

- Tanken var at desse teikneseriestripene kunne leverast ut saman med legemiddelet og gje ein forklaring på korleis det skal brukast.
Nhu sin tegneseriestripe viser hvordan man skal vente mellom hver medisin man tar.


- Prototypen av tegneseriestripene blie utvikla og testa ut på eit apotek på Jæren. Dei som fekk teikneseriestripen meinte den var nyttig, men vi innsåg at språkbarrieren gjerne starte før dette også. Det å forklare bruken av medisin krev jo at pasienten i utgangspunktet skal kunne legitimere seg og har forstått at ein skal hente ein medisin, fortel Nhu.
Nhu sitt bord under skrivingen av masteroppgave. Stappfullt av post-it lapper
 
Nhu presenterer oppgaven sin for FIP via Teams


Vegen vidare

Tidlegare i vår fekk Nhu ei overraskande melding frå ein ven. Masteroppgåva hennar hadde blitt publisert i Norsk Farmasøytisk Tidsskrift​.

- Eg var på ferie då eg fekk ein snap frå nokre venar. Eg var ikkje førebudd på når oppgåva skulle bli publisert. Det var rettleiarane mine som hadde sendt den inn for meg. Det er veldig kjekt å få den på trykk og få vist fram teikneseriestripene.

Ho har ikkje bestemt seg for kva ho skal gjere med konseptet vidare.

- Eg vil gjerne utvikle det vidare dersom det er ei moglegheit. Eg har ikkje gitt slipp på tanken om å jobbe vidare med det, men eg veit berre ikkje i kva form, fortel Nhu.

Forutan å bli publisert i ein kjent fagtidsskrift har Nhu fått fleire førespurnadar om å presentere oppgåva si. Ho har mellom anna presentert funna sine for FIP, Farmasøytar utan grensar Finland og Etikkrådet, arrangert av Norsk Farmasøytisk Selskap.