Den førebelse rapporten frå tilsynet i Bergen er klar
Legemiddelverket har kome med rapporten etter tilsynsbesøket på Sjukehusapoteket i Bergen. Her peikar dei på eitt kritisk avvik, sju store og fire andre.
Rapporten kjem som eit såkalla førehandsvarsel, med frist for å komme med uttalelse 24. mars.
- Vi kjem til å bruke tida fram fram til då for å svare ut og dokumentere, dersom vi ser at det er forhold som må belysast meir, seier administrerande direktør Jon Bolstad.
Legemiddelverket gjennomførte tilsynet 20. og 21. februar. Tilsynet omfatta sentrale område av apoteket si faglege verksemd, inkludert produksjon. I tillegg inkluderer det Sjukehusapoteka Vest HF som eigar sitt ansvar for apoteket.
Legemiddelverket skal føre tilsyn med at krav i regelverket blir følgd. I tilsyn opererer dei med tre kategoriar av avvik: kritisk, store og andre avvik.
I tilsynsrapporten blir det peika på eitt kritisk avvik, sju store og fire andre avvik. Det kritiske avviket er knytta til oppfølging av tidlegare avvik frå tilsyn og sluser til B-rom. Dei andre avvika er relatert til blant anna tema som ressursar, kvalitetssystem, ledelse, areal, utstyr, organisering og arbeidsprosessar.
- Eg mottok rapporten i går kveld og skal no setje meg grundig i den. På noverande tidspunkt er det difor vanskeleg å kommentere enkeltelement i den, men vi tar sjølvsagt dette på stort alvor, seier administrerande direktør Jon Bolstad.
- Det som likevel er viktig for meg å seie at det sjølvsagt er i vår felles interesse også å utvikle verksemd i Bergen på ein god måte vidare. Legemiddelverket sitt tilsynsarbeid må vi difor sjå som eit positivt bidrag til vår utvikling.
- Fleire av punkta Legemiddelverket peika er dessutan utfordringar som er kjente for oss, og som vi allereie har sett i verk tiltak for. Det er til dømes heller ikkje usemje om at det er behov for oppgradering av delar av våre lokale og utstyr. Det er gjennomført eit omfattande rundt dette som har ein kompleksistet i seg seg som også inneber at ting tar tid.
Sist oppdatert 10.03.2023