Sjukehusapoteka tilbyr ny teneste til pasientar som har starta med hjartemedisin

Medisinstart er ei utvida rettleiing til pasientar som nyleg har starta på legemiddel for hjarte- og karsjukdom. Målet er å medverke til riktig legemiddelbruk, auka tryggleik for pasienten og etterleving av legemiddelbehandlinga. Denne tenesta er no tilgjengeleg og kan bestillast på alle våre sjukehusapotek.

Publisert 01.05.2018
Sist oppdatert 05.01.2023

​Kva er Medisinstart?

Fagsjef, Stein-Erik Knapstad
Medisinstart er ei teneste der pasientar, som nyleg har starta med legemiddel for hjarte- og karsjukdom, får strukturerte samtalar i apoteket saman med ein farmasøyt. Tenesta er offentlig finansiert og pasienten betaler ingen eigenandel (3 års prøveordning).

- Medisinstart består av to oppfølgingssamtalar mellom pasient og farmasøyt. Samtalene bør gjennomførast høvesvis 1-2 veker og 3-5 veker etter at pasienten har starta å bruke sin nye medisin, fortel Stein-Erik Knapstad, fagsjef i Sjukehusapoteka Vest.

Medisinstart skal gjennomførast av tenestefarmasøytar som har fullført eit obligatorisk opplæringsprogram for tenesta og er godkjend av apotekar.

Skal bidra til riktig bruk og auka etterleving

Etterleving av legemiddelbehandling er ei utfordring, spesielt for pasientar med kroniske sjukdommar og tilstandar, og pasientar som nyttar fleire legemidlar samtidig 1.

- Farmasøyten vil kartlegge pasienten sitt behov for informasjon, praktisk bruk, etterleving, motivasjon og eventuell uro knytt til det nye legemidlet dei har starta på, fortel Knapstad.

Medisinstart gir resultat

Rettleiing når ein startar med eit nytt legemiddel er i dag ei etablert teneste i Storbritannia og Danmark, og evaluering av den britiske tenesta viste at metoden var kostnadseffektiv og medverka til auka etterleving 2,3. Det er også funne liknande effektar av rettleiinga i den norske Medisinstartstudien (data ikkje publisert).

  • Rettleiing av pasientar som nyleg har starta med legemiddel for hjarte- og karsjukdom som blodtrykksenkande-, kolesterolsenkande (statiner)- og blodfortynnande tablettar. 
  • Består av to samtalar med ein farmasøyt under full diskresjon 
  • Samtalene vert gjennomført dei første vekene etter at ein har starta med dei nye legemidla og kan bestillast av lege eller pasienten sjølv. 
  • Målet med tenesta er å bidra til riktig legemiddelbruk og auka etterleving av legemiddelbehandlinga
  • Tenesta er offentleg finansiert og pasienten betaler ingen eigenandel 
  • Tenesta er tilgjengeleg frå 1. mai 2018. 


Tilgjengelig i apotek frå 1. mai 2018

I Noreg er Medisinstart i apotek tilgjengelig frå 01.05.2018.

- Vi er veldig glad for at denne tenesta no vert tilgjengeleg og vil bidra til meir riktig legemiddelbruk hos våre pasientar, seier Knapstad.

Meir informasjon om rettleiingstenesta Medisinstart i apotek


Både lege og pasienten sjølv, inkludert føresette av banr kan spørje etter tenesta. lege kan bestille tenesta munnleg eller skriftleg til pasientar i målgruppa for tenesta. Legen har ansvar for å sjekke at det er første gong pasienten startar med legemiddelet før tenesta vert bestilt i apoteket. 

Dersom pasienten sjølv etterspør tenesta, skal farmasøyt sjekke at det er første gong pasienten startar med legemiddelet. 

Samtalane vert gjennomført i apoteket sitt konsultasjonsrom, men kan og verte gjennomført på telefon når dette er meir føremålstenleg. Kvar oppfølgingssamtale har ei tidsrammme på inntil 15 minutt. ​

Tenesta inneber helsehjelp og skal journalførast i apotekas datasystem. Journalnotat (epikrise) vert utlevert til alle pasientar etter gjennomført medisinstart og vert sendt til lege der det er føremålstenleg for legen si oppfølging av behandlinga. 



Referanser:
1 Sabata, E. (2003). Adherence to long-term therapies: Evidence for Action. Geneve, Sveits, World Health Organization.
2 Elliott, R. A., et al. (2016). "Supporting adherence for people starting a new medication for a long-term condition through community pharmacies: a pragmatic randomised controlled trial of the New Medicine Service." BMJ Qual Saf 25(10): 747-758.
3 Elliott, R. A., et al. (2017). "Cost Effectiveness of Support for People Starting a New Medication for a Long-Term Condition Through Community Pharmacies: An Economic Evaluation of the New Medicine Service (NMS) Compared with Normal Practice." Pharmacoeconomics 35(12): 1237-1255.