Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Sjukehusapoteka Vest deltar i viktig risikoanalyse

​Bergen kommune har invitert seksjon for legemiddelberedskap, B180 til å bidra med sin verdifulle kompetanse inn i arbeidet med ein ny omfattande risiko og sårbarheitsanalyse.

Publisert 26.05.2023
Lagbilde av beredskapslageret for legemiddel.

​Byrådet i Bergen vedtok den 9. mars 2023 å starte arbeidet med ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for Bergen. Føremålet med analysen er å få oversikt over moglege uønska hendingar som kan ramme bysamfunnets verdiar. 

Profilbilde av seksjonsleiar for B180, Quynh Le.
Seksjonsleiar for B180, Quynh Le. 

Gjennomføring av analysen vil byggje på eksisterande fagkompetanse frå mange fagmiljø i kommunen, men dei har òg invitert inn diverse eksterne aktørar og private verksemder til å bidra med sin kompetanse. 

Deltakarane i analysen vil bli delt inn i følgjande temagrupper: Store ulykker, kritisk infrastruktur, natur og kultur og folkehelse. B180 skal delta med ein deltakar inn i sistnemnde temagruppe. Andre eksterne deltakarar i denne gruppa er Helse Bergen, Mattilsynet og Bergen Vann. 

Deltakarane i arbeidet med ROS-analysen hadde sitt første oppstartsmøte den 25. april. Der deltok seksjonsleiar for legemiddelberedskap, Quynh Le.

- Dette er ein heilskapleg revisjon av Bergen ROS 2020. Eg tykkjer det er tryggjande at Bergen kommune prioriterer dette arbeidet. Det er eit naudsynt og viktig arbeidet, og det er derfor ekstra kjekt at SAV og B180 blir spurt om å bidra, seier Quynh.

Ho seier det er eit omfattande arbeid som ein no skal gå laus på, men ho sit med eit godt inntrykk etter det første oppstartmøtet.

- Oppstartsmøtet viser at vi har eit godt samansatt program vidare også. Det blir spennande å jobbe tettare med andre aktørarar i arbeidsgruppa for Folkehelse.

Quynh håpar at B180 Nasjonalt legemiddelberedskapslager sitt bidrag til dette arbeidet kan føre til gode førebuingar og det verkar proaktivt.

- Bergen blir endå betre til å handtere ulike upårekna hendingar. Ikkje alle aktørar kjenner til B180 endå, og eg trur vår deltaking i dette arbeidet vil gjere rolla vår og viktigheita av B180 Nasjonalt legemiddelberedskap meir kjent i samfunnet.