logo Sjukehusapoteka Vest

Startar arbeidet med å kartleggje situasjonen ved Sjukehusapoteket i Bergen

Sjukehusapoteka Vest har behov for bistand til å gjere ei nødvendig kartlegging i tråd med etablerte rutinar for varslingssaker relatert til Sjukehusapoteket i Bergen.

Publisert 24.02.2023
En mann i blå skjorte
Konsulentselskapet Deloitte er engasjert til å gjere dette arbeidet i tråd med avrop på felles nasjonale rammeavtalar.

- Styret tar denne saka på stort alvor. Difor vil vi som styre gjere nødvendige undersøkingar og følgje opp og ivareta dei som har varsla og den varsla rettar seg mot, seier styreleiar Sjukehusapoteka Vest, Trude Risnes.

Deloitte startar kartleggingsarbeidet etter planen i løpet av neste veke.