Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Styreleiar: - Spennande og krevjande

Helge Torgersen vart ny styreleiar i Sjukehusapoteka Vest 27. mars. Han seier den første tida har vore spennande, samtidig som det har vore mykje å setje seg inn i i forbindelse med ulike pågåande saker og prosessar.

Publisert 02.05.2023
Sist oppdatert 01.06.2023
Helge Torgersen er ny styreleiar og skal ta fatt på dei vanskelege utfordringane selskapet står overfor.

​For knappe to veker sidan var han på besøk i Bergen, både på Sjukehusapoteket i Bergen og i føretaksadministrasjonen.

- Det var fint for meg å få møtt folk, slik at vi fekk ansikt og stemme på kvarandre, seier styreleiaren.

Han forstår at dette er ein krevjande periode for mange leiarar, medarbeidarar og andre berørte i Sjukehusapoteka Vest og relatert til situasjonen ved Sjukehusapoteket i Bergen.

- Det tar eg og styret innover oss. Vi i styret er opptatt av bidra til arbeidsro, ivareta kjerneoppgåver og sikre trygg drift. Sjukehusapoteka Vest skal levere gode tenester og tenkje framtid og utvikling.

- Samstundes har vi no flere krevjande prosessar og saker som pågår. Desse må kvar for seg gå sin gang slike prosessar skal og i tråd med dei spelereglar som gjeld.

Styret har eit spesielt fokus på varslingssakene, ikkje minst dei interne sakene.

- Her er Deloitte godt i gang med kartleggingsarbeidet. Dette er omfattande og kompliserte saker som krev tid. Det er viktig at arbeidet blir gjort skikkeleg og ordentleg, og at dei som har varsla og er omvarsla, blir godt tatt vare på, seier styreleiaren.

Håpar rapport er ferdig i mai

Ifølgje styreleiaren håper ein at Deloitte er ferdig med sitt arbeid og sin rapport i mai, i tidligaste fall rundt midten av månaden.

- Når rapporten føreligg,  vil styret behandle den så fort mogeleg i eit ekstraordinært styremøte. Kva rapporten vil komme med av konklusjonar og anbefalingar, vil vere avgjerande for korleis oppfølginga blir i etterkant.

Styrleiaren følgjer også godt med på arbeidet med å lukke dei 12 avvika etter tilsynet til Statens legemiddelverket (SLV).

- Oppfølging av tilsynssaker er ei prioritert oppgåve for Sjukehusapoteka Vest. Rapporten fra SLV er tatt på det største alvor. Det er leiarar og medarbeidarar på apoteket og i føretaksadministrasjonen og fleire til som legg ned eit stort arbeid med å følgje opp avvika, noko eg er svært takknemleg for.

- Styret vil følgje tett med på arbeidet med å lukke avvika. Det er mitt ansvar som styreleiar at vi kjem i mål med dette arbeidet, og at vi får ordna opp i andre utfordringar i Sjukehusapoteka Vest, avsluttar styreleiaren.​