Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Eirik er handymannen i Stavanger

Eirik er alt-mogleg-mannen i Stavanger som fiksar alt frå ventilasjon til elektronikk. - Eg har ingen dagar som er like, seier karen, som har teneste som kjærleikspråk.

Publisert 27.04.2023
Eirk Svandal smiler til kamera, mens en kollega jobber ved PCen i bakgrunnen
Det første spørsmålet i denne faste medarbeidarspalten burde vere enkelt for dei aller fleste, men for Eirik er det ikkje heilt svart-kvitt.

Kva jobbar du som?

- Eg er farmasøyt, seier han beskjedent.

- Du er produksjonsfarmasøyt, kjem det frå ein kollega på gangen.

- Og ingeniør, seier ein annan tilskodar.

- Og vaktmeister, legg ein tredje til.

- Ja, eg har mange hattar på meg her, seier Eirik lågmælt.

Det er liten tvil om at Eirik er over snittet teknisk anlagt, noko som har gjort han til ein populær mann blant sine kollegaer i Stavanger. Anten det er snakk om ventilasjon- eller datasystem som sviktar, er det ofte Eirik som fiksar opp. At Eirik enda opp som farmasøyt, og ikkje ingeniør var heilt tilfeldig. Før han begynte å studere hadde han nemleg sett seg ut ein heilt annan karriereveg.

- Eg kjem jo frå oljebyen Stavanger, så eg hadde vel i utgangspunktet sikta meg inn på å studere kjemi eller petroleum. Men så fekk eg ein infeksjon på halsen medan eg var på Folkehøgskulen, omtrent eit halvt år før eg skulle søkje studiar. Då fekk eg  auga opp for farmasien, seier han og avslørar at både mor og far har jobba som sjukepleiarar.

Det året starta Universitet i Bergen opp ei eigen farmasilinje. Dermed blei valet enkelt.

- Eg fekk vere med i det første kullet ved UiB. Hadde eg søkt studiar eit år tidlegare, kunne eg fort ha enda opp med noko heilt anna, seier han.

Etter studiane var ferdig tok Eirik seg ein liten pustepause før han begynte å søkje jobbar. I mellomtida hadde fleire av klassekameratane hans frå studiane fått jobb ved Sjukehusapoteket i Bergen, og skrøyt om kor kjekt det var der.

- Eg tok ein prat med dei og bestemte meg for å ta eit besøk ved Sjukehusapoteket. Eg var innom ein tur før jul med omvising og eit slags uformelt intervju. Så la eg inn ein søknad og så fekk eg jobb med ein gong.

Derfrå gjekk det slag i slag.

- Eg starta i sterilavdelinga og blei konstituert seksjonsleiar etter eitt år. Eg hadde ein avdelingsleiar over meg og vi var ein liten seksjon. I den siste perioden gjekk eg litt inn i cytostatika-produksjon, fortel Eirik.

Då han fekk seg kjærast gjekk turen heim til Stavanger kor han har jobba dei siste elleve åra.

Eirik er i produksjonsrommet og har fått på seg hansker og hårnett.

Livet som handymann

Før Eirik begynte på studiane jobba han nokre år i ein matbutikk, og hadde derfor god greie på korleis det var å jobbe med varehandel. Men då han begynte som farmasøyt hadde han lyst til å forsøkje noko anna, og begynte derfor i produksjonsmiljøet.

- I botn er eg produksjonsfarmasøyt, men eg har òg opplæring i å produsere så eg kan òg jobbe som teknikar. Så det er ikkje mykje eg ikkje kan gjere i produksjonsavdelinga.

- Eg er valideringsfarmasøyt, så eg har ansvaret for den mikrobiologiske valideringen. I tillegg har eg ansvaret for teknisk validering. Det vil si måling av trykk og lekkasje på rom. Det gjerast åreleg. Eg blir ofte litt vaktmeister. Om det er noko gale eller om det er noko som må skrust på.

På bygget har Eirik, ikkje overraskande, blitt kjent som ein person som har kontroll på det meste.

- Eg kan litt om veldig mykje og eg er jo litt teknisk så eg går rundt og hjelper til. Damene på jobben er veldig takknemleg for å få hjelp, men blir òg litt frustrert sidan eg får det til å sjå så enkelt ut, flirar han.

- Eg har teneste litt som kjærleikspråk. Det ligg enkelt for meg. Det gjer nok at eg får meir autoritet, men det blir òg knytt ei forventing om at eg skal hjelpe til.  

Eirik ser på mikrobiologiske prøver som har blitt tatt i renrommet.

Variert og meiningsfull arbeidskvardag

Eirik har for tida ein 50% rolle i produksjonsstøtteprosjektet for å få programvare som skal erstatte cytodose på sikt. De resterande 50% av stillinga hans blir fylt opp av alle moglege greier.

- Dei resterande 50% inkluderer drift og annan prosjekt- og kontrollverksemd. Eg har mellom anna vore litt involvert i anbod knytt til temperaturlogg, isolator og varelagerheis til det nye sjukehuset.

- Gjennom prosjekteringa av det nye sjukehuset har eg fått innblikk i ei verd med ventilasjon og elektronikk og fått forståing for ein del omgrep i den bransjen. Eg har vore med på mindre ombyggingar før, men dette blir noko heilt anna. Vi har allereie jobba tre og eit halvt år med dette prosjektet.

Variasjonen i arbeidskvardagen er noko av det han likar best med jobben sin.

- Eg har ingen dagar som er like. Men eg har òg litt fleksibilitet, slik at eg kan  leggje opp arbeidskvardagen min sjølv.

Sjølv om han jobbar i produksjonen og ikkje treff på pasientar kvar dag, får han likevel kjenne på at han gjer ein jobb med meining.

- Det er ikkje så mykje vi treff pasientane, men vi får nokre drypp av og til. Vi hadde nettopp ei som har Cystisk fibrose og har mottatt antibiotikapumper frå oss over lengre tid. Ho har vore heldig og fått eit av de nye legemidla som nettopp er godkjent av Besutningsforumet og som har revolusjonert livet hennar. Det var triveleg å høyre, seier Eirik.