Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Sølvi rettleiar pasientar og sjukehustilsette i rett legemiddelbruk

Sølvi Søreide kom til Sjukehusapoteket i Haugesund (SIH) i starten av 2020. I ryggsekken hadde ho med seg fleire års erfaring frå private apotek. - Eg ønska å jobbe i eit større fagleg miljø, ha fleire å spille på og samarbeide med dei som er tettast på pasientane. Og det får eg heilt klart i jobben min i dag, seier Søreide.

En person som sitter ved et skrivebord

Stillinga til Søreide i SIH er delt inn i tre. Ho jobbar 40% i avdeling for farmasøytiske tenester, 40% i produksjonsavdelinga og 20% i publikumsavdelinga.
- Eg har på ein måte ei perfekt stilling der eg får med meg det beste av alt. Dagane er varierte, eg lærer noko nytt kvar dag, og eg har moglegheita til å fordjupe meg fagleg, fortel ho.

I avdeling for farmasøytiske tenestar (AFT) er jobben hennar delt i to områdar, revisjon og arbeid ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus (HSR).
- På HSR undervisar eg både pasientar og helsepersonell i rett bruk av legemidlar, kosttilskot og naturmidlar. Innhaldet i undervisninga blir tilpassa til målgruppa. Til pasientane må ein snakke om det som er viktig for dei i deira kvardag slik at dei blir trygg på eiga bruk av legemiddel. Til helsepersonell er det meir fagleg, til dømes om bruk av antibiotika, om søvn eller smerte. Undervisninga er praktisk retta. Når det er behov for det, så går me djupare ned i materien, fortel Søreide, og legg til at ho av og til undervisar legar innan til dømes individualisert legemiddelbehandling.

Sjukehusapoteket i Haugesund produserer blant anna legemiddel til kreftbehandling, intravenøs ernæring, smertepumpar og augesprøytar. Søreide både forbereder og kontrollerer det som blir produsert.
- I produksjonen er det høgt tempo og viktig å vere nøyaktig, og det synes eg er kjekt. Det skjer ting heile tida, og det kjenst meiningsfylt å lage viktige medisinar for pasientar som treng dette. Det er og faglege utfordringar. Ein må til dømes sjå på eigenskapane til dei ulike virkestoffa og avklare moglegheita for at dei kan kombinerast i eitt sluttprodukt.

I publikumsavdelinga gjev Søreide gode råd og rettleiing til pasientar og andre kundar. Ho fortel at det er ganske so annleis på sjukehusapoteket, enn der ho jobba tidlegare.
- Mange av dei medisinane, hjelpemidlane og apotekvarane vi har, finn ein i eit vanleg apotek. Men der er òg mykje spesielle medisinar og produkt som ein ikkje finn i eit vanleg apotek. Ei pasient skal gjerne starte med eit helt nytt legemiddel, og då brukar vi god tid på rådgjeving, rettleiing og svara på spørsmål dei måtte ha. Målet er å skape tryggheit og medverke til rett bruk av dei nye legemidla, fortel ho.

Stort og godt miljø

Søreide framhevar spesielt det faglege miljøet, at det er mange dyktige kollegar å spille på, og moglegheita til å jobbe saman med personell i sjukehuset, på tvers av sjukehusavdelingane.
- Vi er gjerne opp mot 10 farmasøytar på jobb kvar dag og det er eit veldig godt team for samarbeid og læring. Eg får på ein måte gjort alt eg ynskjer i jobben min, og eg trivst godt med ein variert arbeidskvardag, seier ho. 

Moglegheit for vidareutdanning

Søreide er glad for at ho har moglegheita til byggje på kunnskapen sin.
- Blant anna innan AFT har eg gode moglegheiter for ta universitetskurs og vidareutdanne meg. Arbeidsgjevaren min legg til rette for at eg kan ta både generelle- og spesialiserte kurs, avsluttar Søreide.

Sist oppdatert 27.04.2023