logo

Styremedlemmar

Styret i Sjukehusapoteka Vest består av representantar som er oppnemd av Helse Vest og representantar som er vald av dei tilsette.

Styreleiar

Helge Torgersen

Nestleiar

Arve Varden

Styremedlemmar

Anders Hovland

Helle Kristine Schøyen

Clara Beate Gram Gjesdal

Ina Nikoline Wille

Ansattevalgte styremedlemmar

Hilde Fossmark Helvig

Sissel Reigstad

Siri Bergsholm Bjørhovde

Vararepresentantar

​Marianne Heggø Hansen

Mona Engelund

Espen Frøvold

 

Gå til styresaker

 

Instruksen for styret i Sjukehusapoteka Vest er utarbeidd i samsvar med dei prinsippa som gjeld for styrearbeid i selskap, medrekna i helseforetak. Formålet med styreinstruksen er å gi retningslinjer for arbeidsforma i styret, innhald og gjennomføring av styremøta, og å fungere som ei rettesnor for styremedlemmane og dagleg leiar når det gjeld rolleforståing, plikter og ansvar.

I tillegg til styreinstruksen er styret bunde av dei reglane som følgjer av lov, vedtekter eller instruks i vedtak frå foretaksmøtet. Det blir særskilt vist til helseføretakslova. 

Sjå styreinstruksen her

Alle styremøte er i utgangspunktet opne. Dette betyr at kven som helst kan vere tilhøyrar, og at journalistar kan komme og skrive om det som blir diskutert og bestemt. Alle sakspapir, utgreiingar og referat er offentlege og ligg tilgjengeleg på nett.

​Styret har likevel rett og plikt til å lukke enkelte møte, eller sende publikum og presse ut når det skal behandle enkeltsaker. Lukking av styremøte må vere begrunna og i tråd med lovverk og retningslinjer. Eksempel på saker som kan eller må behandlast i lukka møte:

​​Personalsaker, som for eksempel tilsetting eller avskjed av administrerande direktør.
Anbod og større innkjøp der lova krevjer at prisar og andre forhold i innsendte tilbod skal haldast hemmeleg inntil ein avtale er inngått.

​Salg av hus og eigedomar frå helseføretaka når kontrakten ikkje er underskriven​.

Sist oppdatert 30.03.2023