Flåttbitt

Flått er ein blodsugande midd. På vertsdyr eller menneske vil flåtten kunne bite seg fast, suge blod og bli verande fleire dagar til han er mett.

Flått kan i nokre tilfelle spreie fleire bakterie- og virussjukdommar. Den vanlegaste er bakteriesjukdommen borreliose. Det finst ingen vaksine mot denne sjukdommen. Detfinst vaksine mot den langt sjeldnare virussjukdommen skogflåttencefalitt (TBE) som opptrer langs kysten sør i landet.

Vanlege vertsdyr for flått er hjort, elg, rådyr, mus, hare, hund og katt.
 
Ved borreliasmitte får ein vanlegvis eit utslett som spreier seg i ringform utover huda. Dette oppstår 3–30 dagar etter at ein er biten.

Sjukdom forårsaka av flåttbit skal behandlast hos lege.

Visste du at?

  • Flåtten er i utgangspunktet ca. 1 mm lang, men kan vekse til 1 cm når han syg blod.
  • Flåtten klatrar opp på gras og lyng og festar seg til dyr eller menneske som går forbi.
  • Bita kan oppstå over heile kroppen, men er vanlegast i område med tynn hud f.eks. i lysken, nakken, knehasane, armholene og mellom tærne.
  • Kjæledyr som er utsette for flåttbit, kan få resept på førebyggande middel hos veterinær.

Kva kan du gjere sjølv?

  • Ein del myggmiddel reduserer risikoen for flåttbit.
  • Bruk gjerne lange bukser som blir putta ned i strømper, sko eller støvlar når du går i høgt gras, lyng og kratt i område med mykje flått.
  • Ha faste sjekkerutinar:
    • Sjekk alltid huda etter opphald i område der du kan ha vore utsett for flått. Sjå vanlege bitestader under ”Visste du at”.
    • Fjern flåtten så raskt som mogleg. Flått som blir fjerna innan eitt døgn, overfører sjeldan borrelia-bakterien. Bruk gjerne ein flåttfjernar eller pinsett. Ta tak heilt inne ved huda, og dra flåtten rett ut. Bruk ein pinsett for å fjerne eventuelle restar av flåtten. Vask gjerne bitestaden med såpe/sårvask, og legg på litt sårsalve under eit plaster.

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom, ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 06.02.2024