Råd om medisinbruk
- Influensa
Symptom på influensa er høg feber, frysningar, muskelsmerter, hovudverk, kraftløyse, sår hals og tørrhoste. Mageplager kan oppstå, særleg hos barn. Symptoma kjem gjerne brått, i motsetning til forkjøling som utviklar seg saktare.
- Behov for auka næringsinnhald
Dersom matinntaket er noko redusert, kan det vera tilstrekkeleg å setje til litt ekstra næring. Prinsippet er å auke næringsinnhaldet utan å auke volumet i særleg grad. Dette kan gjerast ved å nytte energirike matvarer, eller ein kan kjøpe ulike pulver eller feittløysingar på apoteket som ein kan blande i mat og drikke.
- Sondeernæring
Sondeernæring/enteral ernæring (EN), nyttast av dei som ikkje klarar å ete og drikke nok til å dekke næringsbehova sine.
Nokre medisinar skal du unngå å bruke medan du er gravid, sidan du då deler blodomløp med ein ny, liten verdsborgar. Andre medisinar er ufarlege å bruke sjølv om du er gravid. Det same kan gjelde når du ammar, men det er då andre vurderingar som skal gjerast, basert på om medisinen går over i morsmjølka og påverkar barnet.

Sist oppdatert 05.10.2016