Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Solprodukt

Solprodukt blir brukt på huda for å beskytte mot skadelege effektar av sola sine UVA- og UVB-strålar. Som ein enkel hugseregel kan ein seie at UVA-strålar påskundar aldringa til huda (A), mens UVB-stråler gjer huda brent (B)

Alle solprodukt du får hos oss beskyttar både mot UVA og UVB-strålar. I dei fleste solprodukt blir ein kombinasjon brukt av ulike filter (kjemiske og fysiske) for å gi best mogleg vern mot heile spekteret av sola sine UV-strålar.

Solvettreglar

  • Ta pausar frå sola. Ekstra viktig når sola er sterkast mellom kl. 12–15
  • Bruk klede, solhatt og solbriller for å ”kle sola ute” – særleg for barn
  • I Noreg bør ein beskytte seg mot sola med faktor på minst 15
  • I solrike land er det behov for å beskytte seg ekstra og ha høgare faktor
  • Unngå solarium

Visste du at?

  • Solprodukt finst både som krem, lotion, gel, spray, stift, fluid, ansiktskrem, leppestift og mange fleire.
  • Sjølv i overskya vêr slepp 50 % av solstrålane gjennom. Når du står på ski, er på stranda, eller ved vatnet, treng du å vere meir beskytta fordi solstrålane blir reflektert og sola derfor kjennest ”sterkare”.
  • Nokre legemiddel kan gjere huda meir sensitiv for sol. Spør på apoteket.
  • Bruk av p-piller i kombinasjon med soling kan auke risikoen for pigmentflekkar i ansiktet. Bruk solkrem for å førebygge.
  • Solfaktoren (SPF) seier berre noko om vern mot UVB-strålane.
  • Ein kan førebygge soleksem ved å beskytte huda mot direkte sollys (for eksempel med klede) – og ved bruk av solkrem med høgt UVA-vern.
  • Bruk av eit after sun-produkt etter ein dag i sola gir fukt, roar huda og inneheld antioksidantar som kjempar mot skadelege frie radikal.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Bruk riktige og rikeleg med solprodukt. Smør ofte og mykje.
  • For å beskytte best mogleg bør ein smørje ein god handfull krem 30 min. før soleksponering, og gjenta dette utover dagen og etter bading.
  • Bruk eit solprodukt du liker å bruke og som passar til hudtypen din. Lys hud treng høgare faktor. Du kan bruke ein gel eller ein lettare lotion til urein hud.

    Mange menn føretrekker spray eller lettare lotion som ein ikkje treng å gni inn i huda. Spray er raskare å ta på enn krem, og det passar godt til barn ”i farten”. Produkt med fysiske filter er anbefalt til personar som lett får allergiske reaksjonar.

Apoteket anbefaler

Bruk minst faktor 15 i Noreg.

Spedbarn skal haldast i skuggen og ikkje utsettast for direkte sollys. Bruk gjerne faktor 30 til barn, fordi dei har tynn hud med lite utvikla pigment. Vel ein solkrem med fysiske filter eller ein kombinasjon av fysiske og kjemiske filter.

Bruk ein spesiell solkrem til ansiktet. Desse har betre kosmetiske eigenskapar og tettar ikkje porene.
Dei svir også mindre i auga. Dagkrem med solfaktor er ikkje tilstrekkeleg om du skal vere i sola i lengre periodar.

Er du mykje i vatn eller sveittar mykje, bør du bruke ein solkrem som toler vatn. Hugs å ta på solkrem på nytt etter bading.

Bruk solstift med høg faktor til spesielt utsette område. Leppestift og lipgloss med høg solfaktor er ekstra fint i sola.

 

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.


 

 

 

Sist oppdatert 06.02.2024