Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Sopp i underlivet og bakteriell vaginose

Sopp i underlivet skuldast som regel ei oppblomstring av gjærsoppen Candida albicans, som finst naturleg i skjeden. Sopp i underlivet er ikkje uvanleg hos kvinner, og det kan skuldast blant anna antibiotikabehandling, graviditet og diabetes.

Bakteriell vaginose / vaginal ubalanse skuldast ein ubalanse av dei normalt eksisterande bakteriane i skjeden. Årsaka til ubalansen er ikkje kjend, men generelt sett er problema mest plagsame i tida før menstruasjon.

Symptomer

Soppinfeksjon

  • Utflod: kvit – luktfri – tjukk – klumpete
  • Raude irriterte slimhinner
  • Kløe og svie nedantil


Symptomer bakteriell vaginose

  • Utflod:gråleg– tyntflytande
  • Skummande utflod (iblant)
  • Ubehageleg lukt (fiskelukt)
  • Enkelte kvinner er symptomfrie

Visste du at?

  • Du bør oppsøke lege dersom eigenbehandling mot sopp ikkje gir betring etter tre dagar, eller dersom utfloda er illeluktande, misfarga eller blodig.
  • Du bør alltid bruke stikkpille (vagitorie) ved behandling av sopp. Sopp kjem innanfrå, og det er ikkje nok med berre krem.
  • Du skal kontakte lege første gong du får symptom på ein soppinfeksjon.
  • Ein kan ha bakteriell vaginose samtidig med ein soppinfeksjon.
  • 10–30 % av kvinner som søker hjelp for utflod, har bakteriell vaginose.
  • Det er lurt å bruke intimvask/olje som har ein pH som er tilpassa underlivet.

 

Kva kan du gjere sjølv?

 Det er viktig å vere sikker på diagnosen, sidan sopp og bakteriell vaginose krev forskjellig behandling.

Sopp i underlivet: Du kan behandle infeksjonen sjølv med reseptfrie produkt som stikkpiller (vagitoriar) og krem (sjå tabell under). Det kan vere lurt å tilføre mjølkesyrebakteriar etter behandling, sidan soppdrepande middel kan forstyrre bakteriefloraen.
Mjølkesyra skaper grobotn for gode bakteriar som normalt finst i skjeden. Bruk spesialsåper med låg pH-verdi.

Bakteriell vaginose / vaginal ubalanse: Ved små plager blir inga behandling anbefalt, fordi dei som regel går over av seg sjølv. Ein kan eventuelt prøve lokalt tilskot av mjølkesyrebakteriar. Ved plagsame og vedvarande plager kan antibiotikabehandling vere nødvendig (reseptpliktig), anten i tablettform eller ved lokal behandling. Her kan det også vere lurt å følge opp med mjølkesyrebakteriar.

Apoteket anbefaler

Produkt til eigenbehandling av sopp i underlivet:

6x100 mg + 1 % krem

Ein skal ta 1 vaginaltablett om kvelden i 6 dagar. Kremen skal smørjast i og rundt skjedeopninga etter behov 2–3 gonger dagleg i 1–2 veker. Behandlinga skal fortsette inntil 3 dagar etter at ein er symptomfri.
 

6x100 mg + 1 % krem

Ein skal ta 1 vaginaltablett om kvelden i 6 dagar. Kremen skal smørjast i og rundt skjedeopninga etter behov 2–3 gonger dagleg i 1–2 veker. Behandlinga skal fortsette inntil 3 dagar etter at ein er symptomfri.
 

 

Mjølkesyrebakteriar:

Kapslar: Gjenopprettar naturleg bakterieflora

Gir næring til eksisterande bakterieflora

 


Er allmentilstannden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

 

Sist oppdatert 20.11.2023