Farmasøytiske tenester frå oss skal bidra til at pasientane får best mogleg nytte av legemiddelbehandlinga og at forsyning av legemiddel i sjukehusa er trygg og effektiv.
I Sjukehusapoteka Vest handlar samhandling om å sikre god informasjonsoverføring med omsyn til pasienten sin legemiddelbruk og sikre forsyning av legemiddel ved skifte av omsorgsnivå.
Noreg har nasjonale beredskapslager for viktige legemiddel som blir brukte i både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. Desse lagra har som mål å sikre at vi alltid har tilgang til nødvendige legemiddel – også i situasjonar der den vanlege forsyninga sviktar, for eksempel ved kriser eller andre uventa hendingar.
Vi leverer farmasifaglege tenester til både sjukehusa og kommunehelsetenesta i Vestland og Rogaland. Tenestene våre har eit breitt omfang og blir tilbydde frå alle våre verksemdsområde: farmasøytiske tenester, sjukehusleveransar, legemiddelproduksjon og publikumsutsal.