Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest
En gruppe glassflasker

Nasjonalt legemiddelberedskapslager

Regjeringa vedtok i 2020 å lagre kritisk viktige legemiddel i Noreg. Lageret vil styrke den samla helseberedskapen og komme pasientar til gode ved ein eventuell krisesituasjon. Sjukehusapoteka Vest har fått ansvaret for å leie dette arbeidet, og på denne sida kan du lese meir om korleis vi jobbar. 

Sjukehusapoteka Vest skal:

  • leie arbeidet med å etablere eit beredskapslager for legemiddel på nivå 2
  • leie arbeidet som sikrar innkjøp av råvarer til nasjonal legemiddelproduksjon av kritiske legemiddel
  • sørge for at strukturar, oppgåver og bidrag frå ulike aktørar som er nødvendige for å realisere oppdraget blir beskrive i eit forprosjekt
  • rapportere til Helse Vest RHF om blant anna innkjøp og lageroppbygging
  • gi ein endeleg rapport etter at etableringa av beredskapslageret er ferdigstilt

Regjeringa har vedtatt å bygge to nivå av nasjonale beredskapslager for legemiddel: nivå 1 og 2

Nivå 1 omfattar

  • ​tre til seks månader forbruk av dei 50 mest kritisk viktige legemidla for primærhelsetenesta (kommunane)
  • tre månader forbruk av legemiddel på covid 19-lista for potensielt 800 intensivpasientar i sjukehusa
  • to månader forbruk av H-reseptlegemiddel (legemiddelbehandling utanfor sjukehus)

Helsedirektoratet fekk oppdraget med å bygge lageret på nivå 1. Dei gav oppdraget vidare til Legemiddelverket for primærhelsetenesta (50-lista), og dei regionale helseføretaka ved Helse Sør-Øst for spesialisthelsetenesta. Frå 12. april 2021 overtar Helse Vest ansvaret for 50-lista og forvaltning av tilhøyrande beredskapslager.​

Nivå 2 skal bestå av eit lager med

  • seks månader forbruk av eit utval særleg prioriterte legemiddel for spesialisthelsetenesta
  • nokre legemiddel for primærhelsetenesta utover dei 50 på nivå 1
  • liste over aktuelle legemiddel blir godkjent av Helsedirektoratet

Dei regionale helseføretaka under Helse Vest RHF si leiing har fått ansvar for eigarskap, innkjøp og å halde lageret på nivå 2 med legemiddel, pluss innkjøp av råvarer til produksjon av kritiske legemiddel i Noreg.

Lageret baserer seg på eit prinsipp om rullering. Det vil seie at ein fyller opp lageret med ei viss mengd legemiddel. Når noko forsvinn ut av lageret, blir det erstatta, slik at ein får same mengd igjen.

Legemidla det er snakk om å ha på lageret, er legemiddel som er etterspurt elles i kvardagen. Legemidla på lageret blir på denne måten i omløp og er tenkt brukt.

Lageret blir større buffer til normal drift samanlikna med dagens, i den meining at ein kan halde fram normal drift og distribusjon i ein periode på opptil seks månader - sjølv om vi skulle få ein svikt i forsyning av levering av legemiddel. Motsett kan ein snakke om eit «statisk lager», som består av varer tenkt for ein gitt anledning. 

Hensikt 

Lageret skal motverke situasjonar med mangel på kritisk viktige legemiddel og bidra til at mange kan halde fram livsviktig medisinsk behandling sjølv ved svikt i normal forsyning. Lageret bidrar også til ein større buffer til normal drift.

Oppdragsgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Eigar: Helse Vest RHF
Ansvar for å gjennomføre prosjektet: Sjukehusapoteka Vest
Prosjektstart: 1. juni 2020 (etter at eit forprosjekt var gjort ferdig)
Planlagd slutt: 1. mai 2021

Samla verdi på lagerbehandling: cirka 1 milliard kroner. Halvparten til spesialisthelsetenesta (sjukehusa), den andre halvparten til primærhelsetenesta (kommunane).

Prosjektet blei avslutta november 2021, og gjekk over til permanent drift desember 2021.  Seksjon vår for legemiddelberedskap blei oppretta, og består av leiar, rådgjevarar og controller.

Seksjonen innehar brei kompetanse innan ulike område, og tar hand om forvaltinga av Nasjonalt legemiddelberedskapslager, B180. Vi samarbeider blant anna med dei fire sjukehusapotekføretaka i Noreg, i tillegg til Sykehusinnkjøp HF, Helsedirektoratet, Statens Legemiddelverk, Mangelsenteret (Nasjonalt senter for legemiddelmangel og legemiddelberedskap i spesialisthelsetjenesten).

Quynh Le, leiar
E-post: quynh.bao.truong.le@sav.no
Telefon: 959 38 178

Beate Gilleshammer, rådgjevar
E-post: beate.gilleshammer@sav.no
Telefon: 481 54 811

Vera Fonnes, rådgjevar
E-post: vera.linn.synnevag.fonnes@sav.no
Telefon: 416 67 294

Joar Halbrend, controller
E-post: joar.halbrend@sav.no
​Telefon: 900 62 843


Ei spesialistgruppe, med legar og farmasøytar frå dei regionale helseføretaka, kommunehelsetenesta, Statens legemiddelverk, Sykehusinnkjøp og Mangelsenteret, gir råd om kva medikament som skal vera på lageret. Gruppa nyttar fleire kriterium når dei vurderer kva som skal vera med på lista. Dei vurderer mellom anna konsekvensar for pasientgrupper og samfunnet om det skulle oppstå mangel, og kor stor risikoen for mangel er og kva medikamenta kostar. ​

Legemiddellista viser ATC-gruppe, virkestoff, styrke, formulering, og beredskapsmål i dagar. ​

Legemiddellista vert revidert kvart halvår, og eventuelt ved behov.

Fyllingsgraden for enkelte ATC-grupper vil av ulike årsaker vere under 100 %. 


Regjeringa vedtok våren 2020 å opprette to nivå av lagring av kritisk viktige legemiddel i Noreg. Sjukehusapoteka Vest skal leie arbeidet med å få nivå 2 av lagringa på plass.

Lageret vil styrke den samla helseberedskapen og kome pasientar med behov for medisinsk behandling til gode om det oppstår mangel på legemiddel. Det skal bestå av eit utval legemiddel tilsvarande seks månader normalt forbruk i sjukehusa. I tillegg skal lageret ha legemiddel til primærhelsetenesta som strekk seg utover dei på nivå 1.

Ei problemstilling med fornya aktualitet

Legemiddelmangel er ikkje eit nytt problem. Tvert om, og det har blitt større dei siste åra. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) framheva i sin risikoanalyse nettopp frå 2018 legemiddelmangel som ei av dei største utfordringane i helsesektoren. Talet på meldingar om leveringssvikt av legemiddel har blitt større dei siste åra. I 2019 var det til dømes registrert over 1200 mangelmeldingar hos Legemiddelverket (når legemiddelleverandør sjølv melder frå at dei ikkje kan levere eit legemiddel).

I ytste konsekvens kan stopp i forsyning av og mangel på viktige legemiddel få store konsekvensar for liv og helse til enkeltmenneske. I eit større bilde handlar det om å styrke den samla norske helseberedskapen generelt og legemiddelberedskapen i den spesielt.

I mars 2020 kom korona-viruset og pandemien, som gav problemstillinga fornya aktualitet. På eit tidspunkt frykta ein for at heile den internasjonale legemiddelforsyninga skulle kollapse. Ein betydeleg del av legemidla på verdsmarknaden har sitt opphav i Kina og India.

Noreg er også sårbare i den meining at vi har liten eigenproduksjon av legemiddel og at vi sett utanfrå utgjer ein relativt liten marknad for dei internasjonale leverandørane.

Regjeringa vedtok på bakgrunn av dette våren 2020 å opprette to nivå av beredskapslagring av kritisk viktige legemiddel i Noreg.

Arbeid delt i to

Hels​e Vest RHF fekk på vegner av dei regionale helseføretaka ansvar for nivå 2. Det inkluderer eigarskap, innkjøp og å halde lageret med legemiddel, pluss innkjøp av råvarer til produksjon av kritiske legemiddel i Noreg. Helse Vest RHF gav Sjukehusapoteka Vest oppdraget med å leie prosjektarbeidet for å få lageret på nivå 2 på plass.

Arbeidet er enkelt sagt delt i to. Første del (forprosjektet) skildra kva som må gjerast for å få lageret på plass og kven som gjer kva. Forprosjektet vart avslutta i mai 2020, og andre del (hovudprosjektet) starta opp. I hovudprosjektet gjer ein det som er beskrive i forprosjektet.

Legemiddelverket, Sjukehusinnkjøp, dei tre andre sjukehusapotekføretaka og Helsedirektoratet er viktige samarbeidspartnarar i begge fasane.

Prosjektering​
Arbeidet med prosjektet var delt i fasar. Før det vart det gjennomført eit forprosjekt. No når projektet er ferdig har lageret gått over i normal drift.

 

Det var behov for humanitær støtte i samband med krigen i Ukraina og situasjonen rundt dette. Den norske regjering beslutta at ein skulle gje humanitær støtte i form av legemiddeldonasjon til den ukrainske befolkninga. Det blei gjort uttak og utsendingar av spesifikke legemiddel frå Nasjonalt beredskapslager for legemiddel, B180 og Covid 19-beredskap. Sjå liste over donerte legemiddel. Vi ønskjer å nøtte høve til å takke samarbeidspartnarar som bidrog i arbeidet.

Oversikt donerte pakkingar frå B180 (PDF)

Kontaktinformasjon
E-post: b180@sav.no 

 


Saker frå prosjektet

    Sist oppdatert 21.04.2023