logo Sjukehusapoteka Vest

Målretta arbeid med å redusere miljøavtrykk i Sjukehusapoteka Vest

Vi har eit felles ansvar for å sikre berekraftig ressursbruk. For å bidra til auka merksemd på ytre miljø og for å sikre kontinuerleg forbetring er det implementert eit leiingssystem for miljø i Sjukehusapoteka Vest basert på den internasjonale miljøstandarden ISO 14001:2015.

​Sjukehusapoteka Vest (SAV) skal medverke til trygg bruk av legemidlar, og levere varer og tenester av beste kvalitet til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Måla våre skal vi nå gjennom gode prosessar som byggjer opp om kvalitet, helse, miljø og tryggleik (KHMT).

SAV skal vere ein miljøbevisst organisasjon. Miljøstandarden ISO 14001 krev at det blir organisert og lagt til rette slik at det er tydeleg kva resultat som er forventa av det enkelte tiltak innanfor dei målsetningane som er sett. Difor har vi høg merksemd på konkrete satsingsområder, vi har konkrete mål innan kvart satsingsområde, og vi dokumenterer innsats og måloppnåing.

Korleis vi jobbar for å redusere føretaket sitt miljøavtrykk

SAV sin miljøpolitikk skal bidra til å sikre at drifta av sjukehusapoteka gjev minst mogeleg uønskte effektar på miljøet. Vårt arbeid med legemiddelproduksjon og sal av legemiddel og andre varer skal sikre at påverknad på ytre miljø bli redusert. Våre ulike samarbeidspartnarar og kundar skal vere informert om vår eiga forståing av dei miljøaspekt som følgjer av framstilling og bruk av legemiddel.
- Vi kartlegger miljøaspekt for all aktivitet, produkt og tenester, og vurderer konsekvens og negativ påverknad som føretaket sin drift har på miljøet. På bakgrunn av kartlegginga fastsett føretaket miljømål og handlingsplan for oppfølging av miljømåla, seier Eli Aasvær, kvalitetsleiar i SAV.

Kvalitetsleiar Eli Aasvær

Miljømål

Miljømåla delast i fire hovudgrupper:

Ha miljømedvitne medarbeidarar

  • Medarbeidarar har bestått e-læringskurs miljø og svanemerka produkt
  • Auke medvit rundt eiga rolle i miljøarbeidet, med merksemd på kva den enkelte kan bidra med
  • Redusere føretaket sin miljøpåverknad
  • Redusere mengda varer som må avhendast grunna skade (brekkasje) eller brukstid
  • Redusere miljø- og klimapåverknad av anskaffing

  • Inkludere miljø i 2. parts revisjonar av leverandørar
  • Inkludere kriterium for miljø i prosjektplanlegging og -gjennomføring
  • Være bransjeleiande på miljøvenleg produktutval og rådgjeving

  • Auke del av miljømerka produkt i publikumsavdelingane sitt vareutval
  • Vurdering av miljøpåverknad styrer retning på miljøarbeidet

    Samfunnet sin forventing til berekraftig utvikling, transparens og ansvar har utvikla seg dei siste åra. For å nå målsetting om berekraftig utvikling er balanse mellom miljø, samfunn og økonomi avgjerande. Difor har vi utvikla ei systematisk tilnærming til føretaket sitt arbeid med miljøforvaltning gjennom å implementere eit leiingssystem for miljø.
    - For å medverke til miljøsøyla i berekraftomgrepet har SAV vurdert kva aktivitetar, produkt og tenester som har den største miljøpåverknaden og kor i vår verksemd potensial for dei største miljøforbetringane ligg. Desse områda blir gjeve høg merksemd og blir prioritert på alle nivå i verksemda i tida framover, seier Aasvær.

    Politikk for ytre miljø i Sjukehusapoteka Vest

    Internt

    • SAV forpliktar seg til kontinuerleg forbetring gjennom aktiv og dynamisk bruk av styringssystem og planverk
    • Kontinuerleg samle inn og vurdere miljøeffektar av drifta vår
    • Etterleve lovkrav, SAV sine strategiar og etablerte prosedyrar på miljøområdet i det daglege arbeidet
    • Supplere høg fagkompetanse hos alle tilsette med miljøkompetanse

    Leverandørar

    • Stille miljøkrav til leverandørar

    Kundar

    • Gjere informasjon om mogelege effektar på miljø ved bruk av legemidlar tilgjengeleg for kundar
    • Bidra til effektiv bruk og handsaming av legemiddel

    Produsentar

    • Identifisere og bruke kanalar for å påverke produsentleddet til auka merksemd på berekraftig produksjon av legemiddel

     

    Sist oppdatert 30.04.2021