Beredskapslager for legemiddel – tryggleik for helsetenesta
Noreg har nasjonale beredskapslager for viktige legemiddel som blir brukte i både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. Desse lagra har som mål å sikre at vi alltid har tilgang til nødvendige legemiddel – også i situasjonar der den vanlege forsyninga sviktar, for eksempel ved kriser eller andre uventa hendingar.
Kvifor treng vi slike lager?
Erfaringar frå blant anna pandemien viste at forsyningskjedene for legemiddel kan vere sårbare. Når legemiddel vert vanskelege å få tak i, kan det få alvorlege konsekvensar for pasientane. Derfor er det viktig å vere førebudd. Lagra gjer det mogleg å sikre at vi har eit reservelager av utvalde, kritiske legemiddel – klar til bruk ved behov.
Kven har ansvaret?
Dei regionale helseføretaka (RHF-a) har ansvarer for beredskapslageret for spesialisthelsetenesta, mens Direktoratet for medisinske produkt (DMP) no har ansvaret for primærhelsetenesta. mend Arbeidet med å bygge opp B180-lagra starta i mai 2020.
Sjukehusapoteka Vest, ved seksjon for legemiddelberedskap forvaltar lagera, på vegner av eigarane. Forvaltninga skjer i tett samarbeid med aktørar som Sykehusinnkjøp HF, legemiddelgrossistar og ulike personar/aktørar med medisinskfagleg kompetanse.
Namnet B180 er ei forkorting for "beredskap 180 dagar", som refererer til talet på dagar lageret skal kunne dekke, altså seks månaders forbruk av dei aktuelle legemidla.
Kva inneber forvaltninga?
Forvaltninga av beredskapslaga handlar om meir enn å lagre legemiddel.
Hovudoppgåvene omfattar blant anna:
- å sørgje for at lagera alltid er oppdaterte og har riktig mengd legemiddel,
- å halde ved like og revidere listene over kva legemiddel som skal vere på lager,
- å lage og oppdatere statistikk og informasjon,
- å delta i faglege fora både nasjonalt og internasjonalt, for å bidra til god legemiddelberedskap i heile helsetenesta.

Nettsidene om B180 er primært retta mot fagpersonar i helseforvaltninga og helsetenesta, både i spesialist- og primærhelsetenesta, samt andre aktørar med ansvar for beredskap og legemiddelforsyning. Her finn du oversikt over prinsipp, organisering og ansvar, samt nyttig informasjon om korleis beredskapslageret er bygd opp og brukt i praksis
