Dei regionale helseføretaka har avtale med legemiddelgrossisten Alliance Healthcare Norge om beredskapslagring (B180-avtalen). Avtalen blir følgt opp av Sjukehusapoteka Vest, Seksjon for legemiddelberedskap (B180 forvaltningen).
Omtale/kortnavn
B180S er kortnamn for Nasjonalt legemiddelberedskapslager for spesialisthelsetenesta. “180” tydar at lageret inneheld legemiddel med beredskap for inntil 180 dagar.
Fokuslisten (FL) er kortnamn for sjukehusapoteka sin fokusliste over kritiske legemiddel. Fokuslista kan og bli omtalt med tal som tydar omfang av beredskap på dei ulike listene ; FL30, FL60 og FL90.
Ansvar
Dei fire regionale helseføretaka har ansvar for legemiddelberedskap i Spesialisthelsetjenesten.
Legemiddelgrossist
Liste legemiddelberedskapslager for Spesialisthelsetjenesten, B180S
Legemiddellista viser ATC-gruppe, virkestoff, styrke, formulering, og beredskapsmål i dagar.
Legemiddellista vert revidert kvart halvår, og eventuelt ved behov.
Fyllingsgraden for enkelte ATC-grupper vil av ulike årsaker vere under 100 %.
Kor mange pakningar av ei vare som er på beredskap er ikkjeoffentleg.
Ei spesialistgruppe, med legar og farmasøytar frå dei regionale helseføretaka, kommunehelsetenesta, Statens legemiddelverk, Sykehusinnkjøp og Mangelsenteret, gir råd om kva medikament som skal vera på lageret. Gruppa nyttar fleire kriterium når i vurdering av kva som skal vera med på lista. Dei vurderer mellom anna konsekvensar for pasientgrupper og samfunnet om det skulle oppstå mangel, og risiko for mangel og kva medikamenta kostar.
Verdi
Samla verdi for lagerbeholdning er inntil 500 MNOK.
Frigivelse av varer fra B180S
B180 forvaltninga kan frigje varer frå B180S etter søknad. Ved frigiving vil varene vere disponible for sal frå avtalegrossist.
Rasjonering
B180 forvaltningen kan ikkje rasjonere reservert volum , men kan avvente frigeving fram til DMP eventuelt har innført restriksjonar/rasjonering.