logo Sjukehusapoteka Vest

Hald orden på medisinane dine

På sjukehusapoteket har vi ulike hjelpemiddel som du kan nytta for å halde orden på medisinane dine.

En gruppe elektroniske komponenter

​​Medisindosett

Ein medisindosett er delt inn etter vekedagar og har bur for kvart av dagens tidspunkt. Slik held du oversikt over medisinane du skal ta i løpet av ein dag.

Hjelpemiddel for å gje riktig dose medisinar:

Tablettdeler

Nokre tablettar har delestrek og desse kan delast med ein tablettdeler. Slik får du riktig dose medisin.

Måleskje

Ein måleskje hjelper deg å dosere riktig mengd flytande lækjemiddel.

Sprøyte

Det finst ulike storleikar, ra 1 ml til og med 60 ml, på sprøyter som blir nytta til og gi medisinar og sprøyter for ernæring. Dette er eit hjelpemiddel for å sikre riktig dosering.

Medisinbeger

Medisinbeger finst i 30 ml storleik. Vi har også lokk til desse begera.

Ut å reise?

Ei lita pilleeske kan vere hendig for å oppbevare eit mindre tal tablettar.

Sist oppdatert 06.09.2016