Arbeid med etablering av beredskapslagra starta i mai 2020. Sjukehusapoteka Vest og B180-forvaltninga har ansvar for lagra på vegner av dei regionale helseføretaka og Direktoratet for medisinske produkter (DMP). Arbeid med forvalting av beredskapslagra blir utført i nært samarbeid med mellom anna Sykehusinnkjøp, legemiddelgrossistar og medisinskfagleg kompetanse.
Forvaltinga sine hovudoppgåver er aktivt vedlikehald av lagerbeholdning, vedlikehald av lister for legemiddel til beredskapslagring, utarbeiding og oppdatering av relevant statistikk og informasjonsmateriell og bidrag i relevante fora for legemiddelberedskap, både nasjonalt og internasjonalt.

Spørsmål og svar
Sist oppdatert 26.05.2025